Posts Tagged Svevn

Det nye innan svevn – sokalla «Powiull»-svevn

Mangegongssvevn vert sumtid kalla «Da Vinci»-svevn av di sume meiner Leonardo da Vinci sov på ei liknande vis. Han som kartlegg «Powiull»-svevnen heiter Nicholas Powiull.

Tingen er at ein «søv» (det er ikkje heilt svevn, men ein gjeng gjenom same greida) ein halv til ein time kvar dag. Det er viktugt å hugsa på at det hev lite å segja kor mykje svevn ein fær til dagen, for livet er tekniskt sét ikkje delt inn i dagar. Fyrst vender ein seg til å nå REM so snøgt som råd, altso gjenom «vanleg» mangegongssvevn, men gjer seg ikkje avhengig av tidi ein søv på. Det kann vera greidt å hava «svevnen» på faste tider, men då berre umlag kvar tolvte time.

Det er visst lurt å sova i ein stol, for um ein legg seg ned, søv ein lengre. Eg skal freista dette i vetterferien. (Bomba. :p)

Comments (2)

Mangegongssvevn for femte gong

No byrja eg den femte mangegongssvevnen min. Denne gongen er eg fyrebudd: eg kjem ikkje til å somna når eg ikkje skal. Frå og med andre notti er sofa’en bannlyst umråde. Skal eg sitja, er berre golvet lovlegt. Eg tenkjer laga enkel mat som ris på notti, so snart me fær kaupt baunor.

Her er måten eg skal evla dette på:

  • Fyrst hev eg vore uppe heile notti heile den siste vìka, so det skal verta lettare gjenom notti.
  • I nott skal eg ikkje gjera noko serskild. Fyrste notti er greid.
  • Andre notti skal eg ganga ut med det same eg vert trøytt. Når eg er mindre trøytt, skal eg ganga inn att, og standa elder sitja på kne ved datamachini, elder eitkvart. Ettersom eg nyttar Linux no, skal eg nytta denne command’en (teken frå Odin): sleep 3m && vlc «Valhall_Awaits_Me.mp3». Denne skal eg setja på um att og um att (men kannhenda med ymsande .mp3’ar), slik at eg kvart tridje minutt kann verta vekka av drithøg viking-metal.
  • Tridje notti vert lik andre, berre verre. Um inkje anna, lyt eg ganga ei mil til pappa. Der bur mest ingen, so eg kann laga ljod for å halda meg vaken (slå jarnstenger mot fe-ristene osb.). På nettene hev eg tenkt å sova på eit teppe på golvet når eg kjenner naud til dess.
  • Fjorde notti vert nog verst. Då kann eg jo fara nedåt bekken og dyppa hovudet i iskaldt vatn um so skal til. Elles kann eg binda fast ein pinne til handi og halda honom yver eit straumgjerde. Søkk armen, vaknar eg.
  • Femte notti skal det byrja ganga betre. Eg skal halda fram med tryggleikstiltak; som å hava ein tallerken på golvet, og ei skjeid i handi. Når skjeidi fell, lagar ho mykje bråk.

Det er kva eg hev tenkt. Innspìl, påfunn?

No driv eg sokalla «touch typing» på Dvorak-tastaturet. 😀

Kommenter innlegget

Svevn fyre træning

Eg hadde tenkt å byrja træna idag, men eg var for trøytt då eg vakna. Minner meg um at svevn er viktugast, dinæst mat, og so træning. So … sér ut til at eg lyt venda meg til eit svevnmynster … men kva skal eg velja?

  • Vanleg «statt-upp-same-tidi-kvar-dag-og-legg-deg-når-du-er-trøytt»-mynster
  • Tviphasesvevn

Mangphasesvevn er utelukka fram til jol. Tviphasesvevn gjer at eg kann vera uppe litt lengre, men at eg sjølvsagt lyt sova på dagen. Eg lyt velja snøgt.

Solskodingi gjeng forresten frametter, um enn seint. Det veld skyone som løyner soli for meg. Eg skal sjå i eitt minutt og tjuge sec. næste gong.

Kommenter innlegget

Uhell i nott – ein eller ein halv time

Eg hev laga det til slik at serskilde songar set seg på til ulike tider, kvart tiande minutt, og kunde difor segja at uhellet var ein halv time langt, um ikkje songen hadde vore på i ein time, då (elder meir :/ Neidå, då hadde téléphonen ringd).

Eg undrar litt på um eg skal halda fram på seminaret elder ikkje … tenkjer halda fram etteråt korsom er; eg hev jo ingen sers krevjande fag å taka umsyn til.

Comments (3)

Buddhisme og svevnfreistnad

Eg hev funne ut at eg og buddhismen er samde um det meste, og reknar meg no sånn umlag for buddhist, elder i alle høve halv-buddhist. Noko av det eg og Buddha tenkjer likt um er synet på liv, etique, og moral.

Men, no hev eg byrja svevnfreistnaden att. Eg søv dimed tjuge minutt kvar fjorde time, og vonar eg kjem inn i det fyrr Mangfaldsseminaret. Hadde eit uhell på ein time i dag, men eg fann ut at det er ristingi frå téléphonen som vekker meg oftare enn sjølve ringingi, so det gjeld å hava honom på eit hårdt underlag. Det hadde eg ikkje ved middagstider i dag.

Solskodingi gjeng au greidt, men vêret øydelegg for meg. Eg skal sjå i eitt minutt næste gong eg fær høve til det, lengre hev eg ikkje kome. Teite skyer.

Kommenter innlegget

Solrenning + Dalane = «Hmm … upp klokka fira?»

Eg fann ut no at soli renn medan eg sit på bussen. 😦

Her er planen min:

  • Standa upp kvart på fira i staden for fem (eg skal freista mangfasesvevn fyrst, og sjå um eg slepp dette).
  • Sykla til skulen/der bussen køyrer forbi, alt etter når soli renn.
  • Når soli renn medan eg hev time, skal eg «ganga på dass»/spyrja um eg kann ganga ut ein tur.
  • Eg er so lur. 😉

Kom med framlegg!

Comments (1)

Planar frametter

Innspìlet på fyrre innlegget mitt fekk meg til å tenkja. Det same gjorde denne artikkelen. Eg tenkjer mykje eldes, men no kom eg altso på noko lurt. For det fyrste lyt eg taka meg tid til å laga ei yversikteleg sida med lenker til alle freistnadane og fyretaki mine. For det andre lyt eg draga lærdom or artikkelen, elder rettare, denne setningi: «If I could go back [til træningi byrja] I would reverse the order entirely: I’d put sleep habits as priority one, followed by diet, and with exercise coming in third.» Skynar du det ikkje, lyt du fylgja med i engelsktimane på skulen.

Kva det tyder for meg, er at eg skal (1) få orden på svevnen min 😉 , (2) få orden på matvanone mine (vegetarianar elder veganar? Hmmm …), og (3) byrja træna att. Eg slutta træningi fyre sumaren og mangfasefreistnaden, men tok hana aldri upp att … på ein måte. Livskvaliteten mun auka um eg fær til alle tri, reknar eg med.

Vande: (1) Sofaen betre enn sengi => eg søv i sofaen … men: eg legg meg helst i ti-tidi, og dei andre gjer ikkje. (2) Eg kann lite um kosthald. (3) Eg er lat, og veit lite um træning.

Løysingar: (1) Få dei andre til å leggja seg tidlegare/taka sengi trass alt um dei ikkje legg seg. Andre: mangfasesvevn/tvifasesvevn! 😀 (2) Eg hev NurtritionData.com og Google! 😀 (3) Det betrar seg nog når eg kjem i gang med dei tvo hine, elder tvinger meg gjenom denne ei stund. Eg hev ei gymbok, og Google/Wikipedia. Eg hev trænt fyrr, og kann gjera det um att.

Vert trøytt snart … God nott!

Comments (6)

Older Posts »