Posts Tagged namn

Namnebytet er godkjent!

I går fekk eg brev um at namnebytet mitt er godkjent. Ettersom Skatteetaten nyttar Windows og eit dritbrukende, laut eg læra dei å skriva det. Brukendet kann ikkje lesa þ og ð, so eg spurde korleîs dei skreiv inn «Guðmundur» og slikt. Dei berre nytta vanleg d. (Skrivemåten av ð gjekk forresten fyrst yver til dh, og seinare d her til lands.)

Brukendet kann lesa í, ó, osb., men namnet stend slik: Vikthorr Veggiss Berurjodhr

Det er berre grunda låke brukende; eg heiter Víkþórr Veggiss Berurjóðr. Offisielt. 🙂

Comments (4)

Eg skal byta namn … nemnde eg det?

Eg skal altso det, same kva dei folki segjer. Eg bider svar næste vìka elder eitkvart.

Eg hev fri vilje, veljer eg å tru. Dimed er det eg som avgjer namnet mitt, ingen andre.

Eg freistar lìva etter tanken um at «Ein kann/må gjera kva ein vil, og som ein meiner er rett, um det ikkje hindrar andre i det same, elder medvite øydelegg høvet deira til lukka.» (philosophy slightly under development).

Hehe, sér ut som ein tale. :p

Comments (2)

Namnebrigdet lyt henda snøgt!

Um eg er yver attan år, gjeng det ti år fyrr eg kann brigda det att, so for å vera trygg, lyt eg gjera det snøgt! Eg kann ganga attende til det gamle namnet kva tid som helst, då, og endra stavemåten :D.

Eg hev vald å heita Víkþórr Veggiss Berurjóðr – vonar berre det vert godteke! Ynsk meg lukka til!

Comments (3)

Nemnefall elder sidefall?

Eg skal brigda namnet mitt til – haldt på hatten – Victor Veggis Berurjóðr/Berurjóðri. Eg veit berre ikkje heilt um eg skal nytta nemnefall elder underfall … Eg tenkjer at um eg nyttar nemnefall, vert det rett på ein måte; altso at ein kann bøygja namnet mitt; og det er jo kult. På hi sida vert det rett med sidefall au på ein måte, etter di ein ofte utelét styreord i poetisk form, og berre skreiv sidefallet. Døme: Victor Veggis (frå) Berurjóðri. Eg trur eg vel nemnefallet, men er ikkje viss. På Island trur eg sume hev det slikt, i tillegg til «-son».

Eg trur forresten vvb.com er leidugt. :p

Uppdatering: Det verkar som namnebrigde berre kann gjerast kvart tiande år … Og Joar vil at eg skal heita Berrjod i staden. Eg trur kannhenda eg skal venta til eg vert attan um ein månad.

Kommenter innlegget