Posts Tagged mangfasesvevn

Råføde …

Eg hev ete rå mat i åtta dagar no. Baunor og ris freistar meg so jævlegt. Kannhenda eg skulde freista å venda meg av kokt mat litt etter litt i staden? Eg kann i alle høve ikkje få tak i baunor fyrr i morgon, so eg er rå framåt halv fira i morgon i minsto.

Rå mat er best til morgons, men til middag ynsker eg meg sårt baunor og ris med salat. Eg veit inst inne at eg ætler baunor av di eg er avhengug, men jamvel … Kannhenda eg skal utsetja å kaupa ris og baunor, berre utsetja og utsetja, heilt til det gjeng yver? Eg segjer til meg sjølv at ein vegansk diett held lenge for å evla mangfásesvevn, som eg lyt ganga ved er målet mitt. (Økolågisk) råføde er optimal vegandiett, men mykje vanskelegare å halda seg til. Ein lyt eta so jævla mykje!

Nokre råd åt meg?

Forresten, no hev eg nådd seks minutt på solarskoding. 🙂

Advertisements

Comments (4)

Solrenning + Dalane = «Hmm … upp klokka fira?»

Eg fann ut no at soli renn medan eg sit på bussen. 😦

Her er planen min:

  • Standa upp kvart på fira i staden for fem (eg skal freista mangfasesvevn fyrst, og sjå um eg slepp dette).
  • Sykla til skulen/der bussen køyrer forbi, alt etter når soli renn.
  • Når soli renn medan eg hev time, skal eg «ganga på dass»/spyrja um eg kann ganga ut ein tur.
  • Eg er so lur. 😉

Kom med framlegg!

Comments (1)

Planar frametter

Innspìlet på fyrre innlegget mitt fekk meg til å tenkja. Det same gjorde denne artikkelen. Eg tenkjer mykje eldes, men no kom eg altso på noko lurt. For det fyrste lyt eg taka meg tid til å laga ei yversikteleg sida med lenker til alle freistnadane og fyretaki mine. For det andre lyt eg draga lærdom or artikkelen, elder rettare, denne setningi: «If I could go back [til træningi byrja] I would reverse the order entirely: I’d put sleep habits as priority one, followed by diet, and with exercise coming in third.» Skynar du det ikkje, lyt du fylgja med i engelsktimane på skulen.

Kva det tyder for meg, er at eg skal (1) få orden på svevnen min 😉 , (2) få orden på matvanone mine (vegetarianar elder veganar? Hmmm …), og (3) byrja træna att. Eg slutta træningi fyre sumaren og mangfasefreistnaden, men tok hana aldri upp att … på ein måte. Livskvaliteten mun auka um eg fær til alle tri, reknar eg med.

Vande: (1) Sofaen betre enn sengi => eg søv i sofaen … men: eg legg meg helst i ti-tidi, og dei andre gjer ikkje. (2) Eg kann lite um kosthald. (3) Eg er lat, og veit lite um træning.

Løysingar: (1) Få dei andre til å leggja seg tidlegare/taka sengi trass alt um dei ikkje legg seg. Andre: mangfasesvevn/tvifasesvevn! 😀 (2) Eg hev NurtritionData.com og Google! 😀 (3) Det betrar seg nog når eg kjem i gang med dei tvo hine, elder tvinger meg gjenom denne ei stund. Eg hev ei gymbok, og Google/Wikipedia. Eg hev trænt fyrr, og kann gjera det um att.

Vert trøytt snart … God nott!

Comments (6)

Medvitsdrøyming og drøymeminne

Eg hev tenkt å nytta det vesle som er att av ferien til å træna upp drøymeminnet mitt, og jamvel verta ein betre medvitsdrøymar. For å gjera det, skal eg skriva ned draumane mine, både gamle og nye, for å utfordra hjernen til å hugsa so mange som råd (eg las um ei som hugsa kring ni draumar kvar nott!). Vert eg flink, mun det vera nyttugt næste gong eg freistar mangfasesvevn. I røyndi var nett medvitsdrøyming litt av grunden til at eg byrja med mangfasesvevn, for å hava fleire høve til å drøyma.

Når me er inne på det, las eg um ein svensk student som nytta Übermann-planen, og han hadde ei enkel ordning i tilmåtingsfasen; han lente seg mot veggen den verste perioden. Enkelt og greidt. Kvi tenkte ikkje eg på dét?

Og når me talar um draumar, eg drøymde at eg tala med Ivar Aasen her um dagen. 😀 Han var koseleg, men eg lurte litt på um ikkje han var daud, i draumen altso. Han skreiv forresten læreboktilnæra nynorsk … Snålt.

Eg hev sett meg fyre å verta verande i SU, i alle høve til eg finn noko betre.

Korsom er, eg rår alle til å freista medvitsdrøyming. Det er det beste eg veit um i verdi.

Kommenter innlegget

Tvifreistnaden: sjuande døgret

Duppa av i kring ei halvtime i nott, drøymde at eg sagde eitkvart løygje, men hugsar ikkje kva … :/ Eg hev misst kveiken til mangfasesvevn no; eg skal taka det upp att når eg hev «andre høve» som gjer det lettare, elder nokon med meg som ikkje gjev upp so lett. Men i og med at eg hev sete meg fast i umstillingsfasen, skal eg testa ei anna form for svevn; fri svevn. Sova når eg er trøytt. Det er ein sers lite effektiv måte å sova på, men eg er forviten på når eg kjem til å verta trøytt. Skulde eg satsa pengar på noko, trur eg eg gjeng med circaderytmen. Men eg veit eg kjem snøgt inn i REM-fasen, og vonar det varer. Det er leidt for meg å gjeva det upp, men fruktfreistnaden vert nog lettast åleine. Korsom er, no vert mamma glad. 😛 Eg postar utfalli her.

Comments (2)

Tvifreistnaden: femte og sette døgri

Femte døgret: inkje nytt.

I nott, derimot, duppa eg av dritmykje millom fira og åttta – anten det, eldes vakna eg ikkje i det heile. Ljoden var skrudd av, for at alarmen ikkje skulde ganga av medan eg ikkje sat med maskini. 😥

Kommenter innlegget

Tvifreistnaden: tridje døgret

Ja, eg heldt på å gløyma uppdateringi. 😮

Sovingi gjeng greidt, trur eg … alarmen gjeng av når han skal, og eg evlar hava på ljoden. Jamvel tek det ei stund frå eg vaknar til eg hugsar noko som helst. Eg vaknar sopass at eg fær høgreklikka på alarmikonet og trykka på «Silence», men etteråt veit eg ikkje – kannhenda søv eg gjenom alarmen, men eg veit ikkje heilt … Eg skal setja på ulike alarmar for kvart gong. Mamma er sur på freistnaden, yvertydd um at eg kjem til å verta sjuk i hovudet. Segjer ho slike ting éin gong til, lyt eg stikka til pappa, tenkjer eg.

Etingi gjeng au … men i går kveld laga eg noko med ein so vond ettersmak at eg heldt på å spy. I dag laga eg den vanlege, men med ein banan meir enn vanlegt; det likna på mjølk/fløyte. Nytta det som dypp for gulrøter, og som drykk. Eg er småsvolten heile tidi no, og det er keisamt å laga mat, men det er betre enn um eg skulde eta kokt elder steikt. Eg skal finna nokre lette, gode uppskrifter på Netet.

Comments (2)

Older Posts »