Ny netposttilskrift

Til no hev eg nytta victor.vikingr(hjå)gmail.com, men det verkar litt teit no når eg hev bytt namn. Eg kann ikkje hava þ og ð i tilskrifter, men eg tok noko namneneutralt: medviten(hjå)gmail.com. Eg kjem til å ganga yver til den nye litt etter litt.

Eg skynar det slik at eg kann framsenda netpost frå den gamle til den nye, hev stilt inn noko i Gmail, men hev ikkje sét um det verkar skikkelegt enno. Men um det gjeng, då er det jo berre lekkert.

Advertisements

Comments (4)

Rå fyrr svevn

Eg somna når eg ikkje skulde – sjølvsagt. Mest sannsynlegt fleire gonger på rad.

Eg fekk eit råd frå ein som hev freista det same tri gonger  utan hell, og éin gong etter å hava vorte rå. Då var det mykje lettare. Eg tek rådet hans um å verta rå fyrst, og satsar på medvitsdrøyming resten av romjoli.

Litt flaudt, men eg lyt ganga ved at eg ikkje fær til denne sovingi nett no. Men det gjekk so bra heilt til klokka fira i dag …

Kommenter innlegget

Fyrste døgret

Alt vel … Litt tungt å vakna etter tvo av lurane. Eg skal sova på golvet i nott, so eg vaknar.

Alt hev gjenge som smurd til no, men eg ottast verre tider. Eg kjenner meg tollegt utkvild nett no, men det gjeng nog snøgt yver.

Kommenter innlegget

Mangegongssvevn for femte gong

No byrja eg den femte mangegongssvevnen min. Denne gongen er eg fyrebudd: eg kjem ikkje til å somna når eg ikkje skal. Frå og med andre notti er sofa’en bannlyst umråde. Skal eg sitja, er berre golvet lovlegt. Eg tenkjer laga enkel mat som ris på notti, so snart me fær kaupt baunor.

Her er måten eg skal evla dette på:

  • Fyrst hev eg vore uppe heile notti heile den siste vìka, so det skal verta lettare gjenom notti.
  • I nott skal eg ikkje gjera noko serskild. Fyrste notti er greid.
  • Andre notti skal eg ganga ut med det same eg vert trøytt. Når eg er mindre trøytt, skal eg ganga inn att, og standa elder sitja på kne ved datamachini, elder eitkvart. Ettersom eg nyttar Linux no, skal eg nytta denne command’en (teken frå Odin): sleep 3m && vlc «Valhall_Awaits_Me.mp3». Denne skal eg setja på um att og um att (men kannhenda med ymsande .mp3’ar), slik at eg kvart tridje minutt kann verta vekka av drithøg viking-metal.
  • Tridje notti vert lik andre, berre verre. Um inkje anna, lyt eg ganga ei mil til pappa. Der bur mest ingen, so eg kann laga ljod for å halda meg vaken (slå jarnstenger mot fe-ristene osb.). På nettene hev eg tenkt å sova på eit teppe på golvet når eg kjenner naud til dess.
  • Fjorde notti vert nog verst. Då kann eg jo fara nedåt bekken og dyppa hovudet i iskaldt vatn um so skal til. Elles kann eg binda fast ein pinne til handi og halda honom yver eit straumgjerde. Søkk armen, vaknar eg.
  • Femte notti skal det byrja ganga betre. Eg skal halda fram med tryggleikstiltak; som å hava ein tallerken på golvet, og ei skjeid i handi. Når skjeidi fell, lagar ho mykje bråk.

Det er kva eg hev tenkt. Innspìl, påfunn?

No driv eg sokalla «touch typing» på Dvorak-tastaturet. 😀

Kommenter innlegget

Kann ein skapa verd på god norsk?

Eg svarar meg sjølv: ja, sjølvsagt.

Ein annan ting er å bringa verdet til folk som vil taka imot … Eg veit av røynsla at mange sér ned på nynorsken, og det gjer meg leid. Endå verre er det når jamvel sume nynorskingar ikkje eingong idest freista lesa høgnorsk (elder høgnorsknær «ordbokarnynorsk»). Eg skal ikkje nemna namn, men eg veit av høve der folk hev neitta lesa noko berre av di der stend «opprit» e.l.

So … det er råd å lìva med å selja nynorsk is. Hadde det vore vanskelegare med høgnorsk is? Kannhenda ikkje. Tek ein fyre seg bøker, kann det stelda seg annleîs.

Eg lurer på: kann ein lìva med å skriva høgnorsk i alle høve? Då tenkjer eg ikkje på lærarar og andre som ikkje må gjera det, men fyrst og fremst på sjølvstendugt næringardrivande.

Hev nokon innspìl til dette?

Comments (6)

Råføde og landstjornarsæte.

I den siste tidi hev eg tenkt serskildt på desse tvo tingi.

Rå mat byrjar eg med fyrste januar, ettersom det vert lett å rekna frå. Eg skal halda på i minst ein månad, men yverordna mål er å gjera skiftet varugt. Eg kjem til å freista ikkje sjå på når andre et noko dei tvo fyrste vìkone. Denne gongen skal eg nytta blandaren meir enn fyrr, og ikkje minst eta meir grøntfôr. Eg tenkjer eta ein avocado til dagen, elder neter, um eg fær hug til det. Sannsynlegvis vert det største vandemålet folk som byrjar spyrja um teite ting, som «kvar fær du protein frå?», og dei som segjer «jamen, tenk kor mykje du gjeng glipp av!», men eg lyt freista ganga undan slike folk.

Til våren er det landsmøte i NMU, og sovidt eg skynar, er eg på val i 2009. Jamvel um eg likar både NMU og landsstjorni, kjem eg mest sannsynlegt til å segja frå meg sætet. Det er berre ikkje sameinlegt med sjølvutviklingartingi eg driv med. Når eg ikkje sit i stjorni, hev eg lengre tid millom kvar tilskiping til å gjera freistnader og koma meg att fyre næste gong.

Comments (4)

30-dagarsprøva – frelse brukende

Heilt frå eg høyrde um Linux fyrste gong, hev eg ynskt å freista det. Eg gjorde franskleksone åt ein i klassen mot at han brann tvo plator åt meg: Ubuntu (Gutsy Gibbon på den tidi) og PCLinuxOS 2007. Då me sette i Ubuntu-plata, tok det ikkje lang tid fyrr eitkvart klikka (men det verka då eg freista seinare), so fyrste Linux’en eg freista skikkeleg, var PCLinuxOS 2007, og det er eg glad for; der var ein sers god rettleidar som fylgde med, og som eg lærte mykje av. Etter at eg hadde leika med PCLOS ei stund, installerte eg Ubuntu, som då var lettare, ettersom eg hadde lært litt um partitionar frå rettleidaren i PCLOS. Eg lika utsjånaden i Ubuntu betre, men avdi eg på den tidi ikkje hadde trådlaust netverkskort i det heile, og dimed laut finna meg i å nytta eit USB-kort i staden. PCLOS tok det utan vande, men det gjorde ikkje Ubuntu. So då enda eg upp med å køyra PCLOS og Windows heilt til eg fekk ei ny machine.

På den nye machini mi (som eg kalla «Kamma» då Ubuntu spurde meg um namn) freista eg få netverkskortet (eg lærte av Odin at Broadcom-kortet mitt er noko skit) til å verka, men fekk det ikkje til. I går installerte eg Ubuntu Intrepid Ibex, som Odin sagde munde hava betre studnad. Det hadde det. No hev eg trådlaust net i Ubuntu, og dimed kann eg nytta machini mi nett som fyrr, jamvel i Ubuntu.

Då byrjar eg ein månad der eg berre skal køyra frelse brukende, og ikkje starta Windows i det heile. Den einaste skilnaden eg kjem på no, er at eg lyt spela andre spel i Ubuntu. Elles kann eg nytta netet, skrivebrukende, og alt slikt nett som fyrr. Dette skal nog verta lettaste 30-dagarsprøva evah, lzzm. 🙂

Eg er på fira minutt på solskodingi, men grunna vêret, veit eg ikkje kva tid eg fær heldt fram.

Comments (5)

« Newer Posts · Older Posts »