Archive for Yvernaturlegt

Buddhisme og svevnfreistnad

Eg hev funne ut at eg og buddhismen er samde um det meste, og reknar meg no sånn umlag for buddhist, elder i alle høve halv-buddhist. Noko av det eg og Buddha tenkjer likt um er synet på liv, etique, og moral.

Men, no hev eg byrja svevnfreistnaden att. Eg søv dimed tjuge minutt kvar fjorde time, og vonar eg kjem inn i det fyrr Mangfaldsseminaret. Hadde eit uhell på ein time i dag, men eg fann ut at det er ristingi frå téléphonen som vekker meg oftare enn sjølve ringingi, so det gjeld å hava honom på eit hårdt underlag. Det hadde eg ikkje ved middagstider i dag.

Solskodingi gjeng au greidt, men vêret øydelegg for meg. Eg skal sjå i eitt minutt næste gong eg fær høve til det, lengre hev eg ikkje kome. Teite skyer.

Advertisements

Kommenter innlegget

Braudskivor for fyrste gong på éin månad!

I dag åt eg braudskivor med honning på til frukost. Det var godt, men eg ætla i røyndi frukt, kjende eg. Det var uvant å eta braud.

Eg undrar på um eg mun verta sjuk no når eg er vanleg veggis att?

I kveld vert det frukostbraud med ost. Nam! 😀

Til middag hadde me havregraut. Han var god, men kannhenda hadde han vore betre med sukker på – eg vart litt småkvalm av tanken på noko so søtt til middag.

Eg hev sett fyre meg å berre drikka vatn og most frukt, men kannhenda eg au skal løyva meg eit glas mjølk stumdom? Eg ætlar sjeldan mjølk, men trur eg skal taka meg litt um eg kjenner for det.

Eg gjekk yver til å eta snop berre på laurdagar for nokre månader sidan, og samstundes gjorde eg berre is, myrk sjokolade, og kakor til løyvde søtsaker, men kalla berre sjokoladen snop. Eg tenkjer ganga yver til å eta det snopet eg ætlar, men berre på laurdagar, og då i vituge mengder. Kannhenda skal eg au lata serskilde høve som fødedagar og slikt gjelda som laurdagar.

No nyss vart eg agnostikarateist. Eg trur altso offisielt ikkje på ein gud (elder fleire). I røyndi er eg vel ateist, men avdi eg innrømer at eg ikkje evlar prova at der ikkje finst ein gud (men kven kann vel prova slikt?), må eg vel kallast agnostikar.

Hav ein fin slutt på ferien. Talast.

Comments (5)

Yvertruisk? Eg?

Ja, som flestalle menneske er eg au litt yvertruisk. Eg tenkjer ikkje på Jesus, Allah, elder dei karane. Det er ikkje religion eg meiner. Det eg byrjar lura på, er tankekraft («psionics»). I byrjingi tenkte eg at, sjølvsagt hadde det vore gildt um det fanst – men so las eg gjenom ei sida som heiter PsiPog.net. I ein artikkel fekk eg vita kvi han som skreiv byrja tru på desse greidone, nemlegt ved å tenkja yver kva som kann flytta ting utan å vera burti deim; ein magnet. Og kva tarv ein for å laga ein magnet? Straum. Kva hev me i hovudet? Elektriske impulsar. Det gav meining for meg. Eg tenkjer freista nokre av dei greidone, fyrst og fremst ei or-lekamen-røynsla, som eg hev høyrt um gjenom LD4all. Fær eg til det, er eg yvertydd. Ynsk meg lukka til!

Comments (6)