Archive for Upplæring

Utfordringaråret!

Elder kannhenda helder «fyrste utfordringaråret», ettersom eg hev tenkt å halda fram. (Kannhenda eg skal gjera ei «trettiårsprøva» på dette? XD)

Eg byrja dette året ved å vera rå i tretti dagar, og hev tri dagar att. No tenkjer eg halda fram med det kvar månad – altso utfordringane. Kvar nye månad skal eg byrja på ei ny prøva. Det er bra um eg byrjar fyrste dagen, men det gjer inkje um eg byrjar seinare.

I dag byrja(r) eg hugleidsloutfordringi (hugleidsla = «meditation») mi! Kvar dag skal eg hugleida tvo gonger, i minst fem minutt kvar gong. Dette er avdi det er betre å gjera det ofte og lite enn mykje på ein gong (som med so mykje anna), og det krev mindre viljastyrke å halda på i fem minutt enn tjuge. Målet er jo å verta betre, so det vert gildt å hugleida lenge.

Eg og Eiríkr hev tenkt å laga ein umsetjar frå engelsk til høgnorsk og (god) nynorsk – me lyt laga honom hin vegen au, sjølvsagt. Målet er å laga ei slags blanding millom tritrans.net og nynorskordboki på nett. Etter kvart mun me leggja til tyskt, spanskt, franskt, og fleire mål, um me idest. Me ynskjer au å laga eit brukende som kann lastast ned. Det skal vera ein ordumsetjar, so han kann nyttast ved skulaprøvor.

No hev eg nådd seks og eit halvt stundarbrot (minutt) i solarskoding! 😀

Advertisements

Kommenter innlegget

Eg syg i rekning …

… men med denne tenesta mun eg kannhenda auka kunna mi. Når eg slit med «Matematikk R1/R2», er det mest avdi eg sjeldan hugsar korleîs alt skal reknast ut og slikt meir enn ei liti stund utan å arbeida med det. Det gjer det vandt å koma i gang med leksone når eg kjem heim, men med Mathway mun eg koma kjapt i gang att ved å køyra eit døme, få det løyst steg for steg. Eg kann au nytta det til å sjå kvi eg ikkje fær same svaret som fasiten. Det mun verta gildt.

Comments (4)