Archive for Uordna

Ny netposttilskrift

Til no hev eg nytta victor.vikingr(hjå)gmail.com, men det verkar litt teit no når eg hev bytt namn. Eg kann ikkje hava þ og ð i tilskrifter, men eg tok noko namneneutralt: medviten(hjå)gmail.com. Eg kjem til å ganga yver til den nye litt etter litt.

Eg skynar det slik at eg kann framsenda netpost frå den gamle til den nye, hev stilt inn noko i Gmail, men hev ikkje sét um det verkar skikkelegt enno. Men um det gjeng, då er det jo berre lekkert.

Comments (4)

Eg skal byta namn … nemnde eg det?

Eg skal altso det, same kva dei folki segjer. Eg bider svar næste vìka elder eitkvart.

Eg hev fri vilje, veljer eg å tru. Dimed er det eg som avgjer namnet mitt, ingen andre.

Eg freistar lìva etter tanken um at «Ein kann/må gjera kva ein vil, og som ein meiner er rett, um det ikkje hindrar andre i det same, elder medvite øydelegg høvet deira til lukka.» (philosophy slightly under development).

Hehe, sér ut som ein tale. :p

Comments (2)

Eg er attan år …

Jupp, no er eg attan! Kom med fordelane mine! Respect my authority!

Neidå. Men, det er kannhenda fint å vera attan, veit ikkje eg. Aldri vore det fyrr.

  • Eg må no taka lappen. (På bil)
  • Eg må kaupa røyk, alkohol, og annan drit.
  • Eg må skriva under på ting.
  • Eg må taka avgjerder sjølv. (Ja, ikkje sant …)
  • Eg må røysta ved val. 😀
  • Eg må brigda namnet mitt utan å spyrja nokon.
  • Eg må kaupa domaine på Netet …
  • … og når me er inne på Netet, må eg vitja vaksen-sidor.
  • Folk kjem til å tru at eg hev vorte vaksen no …
  • … og verta vonbrotne når det er gale.

Eg segjer det berre med ein gong: flestalle av dei punkti eg lista upp yver her, hev eg ingi gleda av. Kva so? Kaupa drit skal eg ikkje. Eg hev då princip. Um mamma so vert sint – eg neittar. Og lappen vil eg kje hava, ikkje no, i alle høve.

Fødedagssong:

Mel: Nordmannen

Tekst: VVB

Millom Bakkar og Berg ut med Havet

heve Víkþórr fenget sin Heim

Der han sjølv heve drive Freistnader,

og tykt godt um Gardsdriftseim.

*klappklapp*

Eg skal freista skriva um korleîs eg hadde det i Oslo snart.

Comments (4)