Archive for Rå diett

Råføde …

Eg hev ete rå mat i åtta dagar no. Baunor og ris freistar meg so jævlegt. Kannhenda eg skulde freista å venda meg av kokt mat litt etter litt i staden? Eg kann i alle høve ikkje få tak i baunor fyrr i morgon, so eg er rå framåt halv fira i morgon i minsto.

Rå mat er best til morgons, men til middag ynsker eg meg sårt baunor og ris med salat. Eg veit inst inne at eg ætler baunor av di eg er avhengug, men jamvel … Kannhenda eg skal utsetja å kaupa ris og baunor, berre utsetja og utsetja, heilt til det gjeng yver? Eg segjer til meg sjølv at ein vegansk diett held lenge for å evla mangfásesvevn, som eg lyt ganga ved er målet mitt. (Økolågisk) råføde er optimal vegandiett, men mykje vanskelegare å halda seg til. Ein lyt eta so jævla mykje!

Nokre råd åt meg?

Forresten, no hev eg nådd seks minutt på solarskoding. 🙂

Advertisements

Comments (4)

Rå fyrr svevn

Eg somna når eg ikkje skulde – sjølvsagt. Mest sannsynlegt fleire gonger på rad.

Eg fekk eit råd frå ein som hev freista det same tri gonger  utan hell, og éin gong etter å hava vorte rå. Då var det mykje lettare. Eg tek rådet hans um å verta rå fyrst, og satsar på medvitsdrøyming resten av romjoli.

Litt flaudt, men eg lyt ganga ved at eg ikkje fær til denne sovingi nett no. Men det gjekk so bra heilt til klokka fira i dag …

Kommenter innlegget

Råføde og landstjornarsæte.

I den siste tidi hev eg tenkt serskildt på desse tvo tingi.

Rå mat byrjar eg med fyrste januar, ettersom det vert lett å rekna frå. Eg skal halda på i minst ein månad, men yverordna mål er å gjera skiftet varugt. Eg kjem til å freista ikkje sjå på når andre et noko dei tvo fyrste vìkone. Denne gongen skal eg nytta blandaren meir enn fyrr, og ikkje minst eta meir grøntfôr. Eg tenkjer eta ein avocado til dagen, elder neter, um eg fær hug til det. Sannsynlegvis vert det største vandemålet folk som byrjar spyrja um teite ting, som «kvar fær du protein frå?», og dei som segjer «jamen, tenk kor mykje du gjeng glipp av!», men eg lyt freista ganga undan slike folk.

Til våren er det landsmøte i NMU, og sovidt eg skynar, er eg på val i 2009. Jamvel um eg likar både NMU og landsstjorni, kjem eg mest sannsynlegt til å segja frå meg sætet. Det er berre ikkje sameinlegt med sjølvutviklingartingi eg driv med. Når eg ikkje sit i stjorni, hev eg lengre tid millom kvar tilskiping til å gjera freistnader og koma meg att fyre næste gong.

Comments (4)

Rå vegan-freistnaden avslutta

Mja, eg tenkte fyrst å halda på i tvo månader, og so berre éin månad, og no berre sluttar eg heilt. Eg skal byrja att ein annan gong, men nett no er eg ikkje motivert nog; eg slutta med rekning og physique, og dei var vandskelege og énergie-krevjande, so eg turvte meir énergie. No tarv eg ikkje det lenger. Dessutan saknar eg baunor og ris.

Eg skal freista um att seinare, men ikkje fyrr eg er motivert nog. Ogso lyt eg lesa meir um det.

Mangphase-freistnaden gjeng som planlagt i haustferien.

Comments (2)

Rå vegan-freistnaden byrjar att!

Rå vegan-freistnaden byrja i dag! Didrik er med denne gongen, men me sér kor lenge han held ut … Korsom er, denne gongen ætlar eg freista spirulina, sjøgras med masse ulike næringsstoff i – i pulverform. Kor rått det er, veit eg ikkje, men eg tenkjer meg at det er turka og so knust, so då er det vel greidt. Anna-Thea klarer seg fint på rå diett med spirulina, so då gjer vel eg det au. Takk åt hana for rådet. Spirulina inneheld dei næringsstoffi eg såg etter i spinat, men i mykje større mengder.

Både Steve Pavlina og Odin, som båe hev medverka til at eg gjeng den leidi eg gjer, hev lagt ut um positive sidor ved denne lìvemåten, og Magnús, Skjöldur, og Anna-Thea hev kome med endå noko til;

  • Større yverskot
  • Mindre svevn
  • Ingi kroppslukt
  • (Mykje) lettare fødslar (Anna-Thea hev ikkje røynd det sjølv, og det gjer nog ikkje eg helder)
  • Klårare tankar (denne skal visst gjelda mangfasesvevn au, ifylgje Pavlina)
  • Betre form (styrkje osb.)
  • Mykje gjort
  • Mindre skiftande åtgaum
  • Sterkare lekamsvern
  • Medelvìkt
  • Ogso so gysla practiskt!

Det er visst dyrare med grøntfôr enn braud og slikt no, so det mun verta tronge kår når eg fer for meg sjølv, um eg då vel å halda fram. Denne gongen freistar eg i kvardagen, og mun få betre karakterar, er von.

Dette er fyrste dagen. No fær me sjå kva eg tenkjer etter tvo månader.

Comments (6)

Landsmøtet i Grøn Ungdom

Sume veit at eg var i Oslo, på landsmøte i Grøn Ungdom. Det var skamgildt! Gildare enn NMU-tilskipingar plar vera, og det segjer jo litt. 😉

Eg møtte masse greide folk, og tidi gjekk ovsnøgt. I det gjenuppretta styret i Grøn Ungdom Rogaland sit talsmann Jon Torger, moderat nynorsking og høgnorsking for kos, skrivar Martin, samnorsking, og pengeandsvarleg, eg, høgnorsking. Coolt.

Eg fekk møta og tala svenskt med sjølvaste Gräsrotsorkestern! Utrulegt gildt! Lærte mykje svenskt av deim (og Jarle). Dei spelte concert for oss, og etterpå måtte me kaupa plator. Eg lika(r) best songen «Debattblues»; citat:

«Temperaturen höjs i studion när satan bryter in, han säger: stopp! jag måste protestera, jag hajjar ingenting
jag trodde det var mitt jobb att släppa hela helvetet lös, men med den politik som George Bush för så blir jag snart arbetslös!
»

Herlegt! Coolare.

På møtet tala eg tollegt mykje um rå frukt og grønsaksdietten med Anna-Thea, som hev vore rå veganar i yver eit år. Ho nemnde forresten at kroppslukt kvarv heilt etter ei tid på rå føde. Null deodorant, og sjølvsagt null kvisor, men det er sjølvsagt på sunn kost. 😉 Eg fekk høyra um spirulina-sjøgras. Ogso hadde ho ein tommelfingerrégle; nemlegt at ein månad på rå føde reinska upp drit i kroppen uppsamla på eit år på vanleg mat. Coolast.

Eg og Didrik tek forresten etter planen til med rå veganar-projetet vårt no på måndag. Målet mitt denne gongen er tvo månader, kannhenda lengre – ævelegt? 😉 Tidi mun syna det.

Therese og Almina frå Gräsrotsorkestern, Tore, Henrik og eg vart med heim til Jarle og feirte fødedagen hans i graset utanfor. Tvo grannar av Jarle kom au med etter kvart. Me åt braudskivor med Nugatti, ost, og syltetøy, men ikkje alt på éi skiva. Jarle hadde forresten agurk i vatnet me drakk. Det var godt.

Eg vart att hjå jarle til ti-tidi, so fór eg til Oslo S. Jarle lånte meg lærebøkene sine i islendskt, so eg vonar eg fær tid til å lesa i deim. Eg stend jo upp tidlegt, so kannhenda eg skal laga meg ein morgonvane?

Comments (2)

Braudskivor for fyrste gong på éin månad!

I dag åt eg braudskivor med honning på til frukost. Det var godt, men eg ætla i røyndi frukt, kjende eg. Det var uvant å eta braud.

Eg undrar på um eg mun verta sjuk no når eg er vanleg veggis att?

I kveld vert det frukostbraud med ost. Nam! 😀

Til middag hadde me havregraut. Han var god, men kannhenda hadde han vore betre med sukker på – eg vart litt småkvalm av tanken på noko so søtt til middag.

Eg hev sett fyre meg å berre drikka vatn og most frukt, men kannhenda eg au skal løyva meg eit glas mjølk stumdom? Eg ætlar sjeldan mjølk, men trur eg skal taka meg litt um eg kjenner for det.

Eg gjekk yver til å eta snop berre på laurdagar for nokre månader sidan, og samstundes gjorde eg berre is, myrk sjokolade, og kakor til løyvde søtsaker, men kalla berre sjokoladen snop. Eg tenkjer ganga yver til å eta det snopet eg ætlar, men berre på laurdagar, og då i vituge mengder. Kannhenda skal eg au lata serskilde høve som fødedagar og slikt gjelda som laurdagar.

No nyss vart eg agnostikarateist. Eg trur altso offisielt ikkje på ein gud (elder fleire). I røyndi er eg vel ateist, men avdi eg innrømer at eg ikkje evlar prova at der ikkje finst ein gud (men kven kann vel prova slikt?), må eg vel kallast agnostikar.

Hav ein fin slutt på ferien. Talast.

Comments (5)

Older Posts »