Archive for Philosophia

Eigarskap

Eg kom til å tenkja på dette med å eiga ting. Korleîs skaffar ein seg retten på noko? Kann ein eiga ein stein, eit tre, ein medskapnad? Sjølv meiner eg at ein kann gjera alt ein vil, so lenge det ikkje gjeng ut yver retten andre hev til det same. Gjeng det ut yver denne retten, lyt ein hava semja millom dei det gjeld.

Eg meiner ein skal ganga undan eigarskap. I alle høve meir enn me gjer i dag. Dyr kann ikkje eigast, ettersom det tek frå deim retten til å råda seg sjølve. Dette gjeld alle dyr – eg skil ikkje millom livsretten åt maur, menneske, måsor, bjørn, hest, elder noko anna dyr. Eg trur i røyndi dette er «upprørske» tankar, men tenkjer ein seg inn i staden åt ein annan, til dømes ein gris som skal slaktast, lyt ein då sjå kor gale det er at ein art skal råda yver ein annan. På engelskt heiter slikt speciesism. Eg likar å kalla det artsisme.

Når det gjeld å eiga stein/»daude» ting og tre, kann ikkje dei råda seg sjølve som dyr, men tre og andre vokstrar er jamvel lìvande, og me lyt drepa deim i so liti mun som råd, for ikkje å nemna at dei reinsar mykje av lufti me ureinar. «Daude» ting meiner eg kann eigast um ein hev eit serskildt tilhøve til tingen, og so lenge det ikkje trør på retten andre hev til å råda seg sjølve. Ein kann i utgangspunktet ikkje neitta andre å fara til elder busetja seg på ein stad avdi du «eig» den staden, men alle hev au rett til å kunna vera litt for seg sjølve, so ein må hava ein stad å bu, men som er av vitug storleik og qualitet. Der kann ein krevja å vera for seg sjølv. Privet-liv er viktugt.

Denne «lovi» gjeld i røyndi berre menneske, avdi andre dyr hev eigne, naturlege lover. Jamvel lyt menneski respectera desse rettane hjå andre dyr au, og samstundes tryggja seg på ein fredeleg måte mot at privet-livsretten vert broten. Viktugast av alt er at me lìver fredelegt saman i eit berekraftugt samfunn der alle kann utfolda seg. Det er det som gjer at eg hev stor tru på Miljøpartiet Dei Grøne, men denne posten er ikkje meint som politique-propaganda.

I morgon skal eg på landsstjornsmøte i NMU. 🙂 Mettā!

Kommenter innlegget