Archive for Målføre

Mangfasefreistnad, fruktfreistnad, og Dvorak-tastatur

Eg byrja nett mangfasefreistnaden. Sov litt tidlegare, menmen. Eg byrjar no. Denne gongen tek eg tvo freistnader samtidugt. Eg byrjar på ein råfødediett, det vil segja at eg berre skal eta rå frukt og grønsaker. Dette hev eg stor tru på, etter å hava tala med tri stykker som hev freista det. og lese um tvo til. Rå føde er etter alt å døma det sunnaste som finst; ein tarv mindre svevn, og hev meir energi etter ei tid på ein slik diett. Eg valde ikkje å rekna ut næringsstoff og slikt, mest avdi dei beste utfalli eg hev lese/høyrd um var dei som berre åt til dei «etla» mat som inneheldt det dei turvte. Det er ei evna som i fem av fem høve uppstod som fylgja av denne dietten.

Eldes hev eg byta til Dvorak-tastatur, som eg hev gode røynslor med frå eg nytta PCLinuxOS. Eg sakna det stundom, ogso var det berre litt søkjing som skulde til. 🙂 Dvorak-tastaturet skal gjera det betre å skriva utan at det byrjar gjera vondt, og det er lettare å skriva med éi hand med Dvorak. Nett no skriv eg berre litt seinare enn på QWERTY-tastaturet (som er laga for å gjera skrivingi tung og vandskeleg).

Eg sov forresten siste notti på ei stund i går, hjå Odin og lyden hans. Dei var koselege, og eg fekk mat og greidor. Eg fekk au mest granska målføret hennar Unni, mor hans Odin. Eg lyt nemna nokre sermerke;

  • kløyvd nemneform
  • i-mål
  • ø-ljod på mange stader der norrønt hev stutt å-ljod (o med kvist)
  • u-ljod der me skriv u; t. d. um, upp
  • i-ending i bunde inkjekyn mangtal
  • ganga-gjeng, standa-stend ❤

Rett og slett eit herleg målføre! ❤

Advertisements

Comments (2)