Råføde …

Eg hev ete rå mat i åtta dagar no. Baunor og ris freistar meg so jævlegt. Kannhenda eg skulde freista å venda meg av kokt mat litt etter litt i staden? Eg kann i alle høve ikkje få tak i baunor fyrr i morgon, so eg er rå framåt halv fira i morgon i minsto.

Rå mat er best til morgons, men til middag ynsker eg meg sårt baunor og ris med salat. Eg veit inst inne at eg ætler baunor av di eg er avhengug, men jamvel … Kannhenda eg skal utsetja å kaupa ris og baunor, berre utsetja og utsetja, heilt til det gjeng yver? Eg segjer til meg sjølv at ein vegansk diett held lenge for å evla mangfásesvevn, som eg lyt ganga ved er målet mitt. (Økolågisk) råføde er optimal vegandiett, men mykje vanskelegare å halda seg til. Ein lyt eta so jævla mykje!

Nokre råd åt meg?

Forresten, no hev eg nådd seks minutt på solarskoding. 🙂

Advertisements

4 kommentarar »

  1. Eirik said

    Eg har diverre ingen gode råd å koma med, men eg lurer på kvifor du må venta til halv fire, av alle klokkeslett, i morgon for å få tak i bøner – er det butikkar som er opne då, eller kva er dette for noko mystisk?

  2. medvitssvevn said

    Hehe, då kjem eg heim att frå skulen. 😉

    Eg trur eg skal evla det. Skal laga noko fruktdrikk og spara til dei verste tidene. Dette er jo berre tilmåting, men det er sers vanskelegt å koma seg gjenom.

  3. Eirik said

    Ah, eg tenkte halv fire om morgonen, som jo ikkje er eit klokkeslett butikkar har for vane å ha oppe på.

  4. medvitssvevn said

    Då er eg med. Eg kaupte ikkje baunor i dag helder. 😀

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: