Kann ein skapa verd på god norsk?

Eg svarar meg sjølv: ja, sjølvsagt.

Ein annan ting er å bringa verdet til folk som vil taka imot … Eg veit av røynsla at mange sér ned på nynorsken, og det gjer meg leid. Endå verre er det når jamvel sume nynorskingar ikkje eingong idest freista lesa høgnorsk (elder høgnorsknær «ordbokarnynorsk»). Eg skal ikkje nemna namn, men eg veit av høve der folk hev neitta lesa noko berre av di der stend «opprit» e.l.

So … det er råd å lìva med å selja nynorsk is. Hadde det vore vanskelegare med høgnorsk is? Kannhenda ikkje. Tek ein fyre seg bøker, kann det stelda seg annleîs.

Eg lurer på: kann ein lìva med å skriva høgnorsk i alle høve? Då tenkjer eg ikkje på lærarar og andre som ikkje må gjera det, men fyrst og fremst på sjølvstendugt næringardrivande.

Hev nokon innspìl til dette?

Advertisements

6 kommentarar »

  1. Sara said

    Eg trur diverre ikkje mange nok er interesserte nok til å bruka krefter på å forstå høgnorsk. Synd, men sant.

  2. medvitssvevn said

    Du hev nog rett. Eg trur difor at eg kannhenda kjem til å ljota nytta engelskt (elder eit anna mål) um eg skal satsa på skriving som yrke.

  3. Eva said

    Eg tykkjer det kan vera vent nok å lesa, men er trur mange (mellom anna meg sjølv) har mykje negative tankar om folk som skriv høgnorsk, utan at dei haldningane på noka vis er knytte til sjølve høgnorsken. Men eg har lova meg sjølv å verta meir positivt innstilt i framtida, utan at eg kjem til å skriva noko anna enn NMU-nynorsk sjølv med det fyrste.

  4. medvitssvevn said

    Hm … eg veit ikkje heilt um det var slik du meinte det, men for meg høyrest det ut som du segjer at du ikkje hev noko imot høgnorsken, men at du ikkje likar dei som nyttar honom. Er det so? :s Litt frekt, men …

  5. Ja, det var veldig skuffande Eva. Eg ser ikkje heilt kvifor de skal hava negative tankor um eg, Víkþórr, Leif Arne, Håvard Tangen og t.d. Elisabeth Skatvedt (som du sikkert ikkje kjenner). Me er jo alle utruleg hyggelege og snille. Ikkje vondt i oss.

  6. Eirik said

    Dette er jo påstand mot påstand, Odin! Korleis kan Eva vita om de har reint mjøl i posen eller ikkje?

    Personleg har eg inkje imot høgnorsk, men eg brukar det ikkje sjølv – anna enn til fest. Det at sume har eit negativt inntrykk av høgnorskbrukarar, trur eg kjem mest av at mange høgnorskingar verkar fronta saka si (d e bruk høgnorsk, ikkje nynorsk, bokmål eller riksmål) på ein for dogmatisk måte og nærmast ser ned på andre måtar å skriva nynorsk på som ikkje god nok. Eg seier ikkje at dette er ei legitim haldning; eg ser sjølv mange gode grunnar til å bruka høgnorsk – og ein del grunnar til ikkje å gjera det –, men det er sannsynlegvis ein grunn til at språket dykkar ikkje er meir utbreidd enn det er, og det er eit problem de ikkje berre kan oversjå dersom de ynskjer at høgnorsken skal veksa.

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: