Råføde og landstjornarsæte.

I den siste tidi hev eg tenkt serskildt på desse tvo tingi.

Rå mat byrjar eg med fyrste januar, ettersom det vert lett å rekna frå. Eg skal halda på i minst ein månad, men yverordna mål er å gjera skiftet varugt. Eg kjem til å freista ikkje sjå på når andre et noko dei tvo fyrste vìkone. Denne gongen skal eg nytta blandaren meir enn fyrr, og ikkje minst eta meir grøntfôr. Eg tenkjer eta ein avocado til dagen, elder neter, um eg fær hug til det. Sannsynlegvis vert det største vandemålet folk som byrjar spyrja um teite ting, som «kvar fær du protein frå?», og dei som segjer «jamen, tenk kor mykje du gjeng glipp av!», men eg lyt freista ganga undan slike folk.

Til våren er det landsmøte i NMU, og sovidt eg skynar, er eg på val i 2009. Jamvel um eg likar både NMU og landsstjorni, kjem eg mest sannsynlegt til å segja frå meg sætet. Det er berre ikkje sameinlegt med sjølvutviklingartingi eg driv med. Når eg ikkje sit i stjorni, hev eg lengre tid millom kvar tilskiping til å gjera freistnader og koma meg att fyre næste gong.

Advertisements

4 kommentarar »

  1. Eirik said

    Ikkje sei ifrå deg landsstyreplassen, då vel! Me treng bra folk i landsstyret.

  2. medvitssvevn said

    Eg kjem ikkje til å gjera det um eg fær til mangegongssvevn, som eg skal taka til med i vetterferien. Etter vetterferien veit eg um eg framleîs kjem til å sitja i stjorni. Er eg rå, skal det vera mykje lettare, men då lyt eg få det til fyrst.

  3. Eirik said

    Du har då alltid vore rå i mine augo, blunk blunk

  4. medvitssvevn said

    Haha, du kann få sagt det, du Eirik! XD

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: