30-dagarsprøva – frelse brukende

Heilt frå eg høyrde um Linux fyrste gong, hev eg ynskt å freista det. Eg gjorde franskleksone åt ein i klassen mot at han brann tvo plator åt meg: Ubuntu (Gutsy Gibbon på den tidi) og PCLinuxOS 2007. Då me sette i Ubuntu-plata, tok det ikkje lang tid fyrr eitkvart klikka (men det verka då eg freista seinare), so fyrste Linux’en eg freista skikkeleg, var PCLinuxOS 2007, og det er eg glad for; der var ein sers god rettleidar som fylgde med, og som eg lærte mykje av. Etter at eg hadde leika med PCLOS ei stund, installerte eg Ubuntu, som då var lettare, ettersom eg hadde lært litt um partitionar frå rettleidaren i PCLOS. Eg lika utsjånaden i Ubuntu betre, men avdi eg på den tidi ikkje hadde trådlaust netverkskort i det heile, og dimed laut finna meg i å nytta eit USB-kort i staden. PCLOS tok det utan vande, men det gjorde ikkje Ubuntu. So då enda eg upp med å køyra PCLOS og Windows heilt til eg fekk ei ny machine.

På den nye machini mi (som eg kalla «Kamma» då Ubuntu spurde meg um namn) freista eg få netverkskortet (eg lærte av Odin at Broadcom-kortet mitt er noko skit) til å verka, men fekk det ikkje til. I går installerte eg Ubuntu Intrepid Ibex, som Odin sagde munde hava betre studnad. Det hadde det. No hev eg trådlaust net i Ubuntu, og dimed kann eg nytta machini mi nett som fyrr, jamvel i Ubuntu.

Då byrjar eg ein månad der eg berre skal køyra frelse brukende, og ikkje starta Windows i det heile. Den einaste skilnaden eg kjem på no, er at eg lyt spela andre spel i Ubuntu. Elles kann eg nytta netet, skrivebrukende, og alt slikt nett som fyrr. Dette skal nog verta lettaste 30-dagarsprøva evah, lzzm. 🙂

Eg er på fira minutt på solskodingi, men grunna vêret, veit eg ikkje kva tid eg fær heldt fram.

Advertisements

5 kommentarar »

  1. Vel, kva spel er det? Sidan du berre skal køyra fri programvare nyttar det altso ikkje å køyra dei i linux hjulpe av Wine. Men etter dei 30 dagane, um du framleis ynskjer å spela proprietære spel so kann du setja upp Wine.

    Og kva er upp med at wordpress.com ikkje stør OpenID!? Mongo.

  2. medvitssvevn said

    Dei eg kjem til å sakna er Worms og GTA: San Andreas. Men so hev eg jo Wesnoth, XMoto, osb. i Ubuntu. Eg tenkte au på Wine tidlegare, og veit ikkje heilt um eg evlar få deim til å køyra, men eg freistar um ein månad. 🙂

    Då veit visst ikkje eg kva OpenID er. Eg trudde WordPress-sida mi var ein OpenID … Kva er so OpenID?

  3. Finst tvo prosjekt som er likt Worms til Linux. Wormux og eit anna. Dessutan finst det eit som er ganske hax som ikkje er ei etterlikning. Ah. Dessutan finst Liero-variantar, mange.

    WP er visst berre ein OpenID *provider*, og ikkje ein OpenID *consumer*. Altso, eg fær ikkje brukt min OpenID her. Supermongo.

  4. medvitssvevn said

    Kva heiter det som ikkje er ei etterlikning? Eg hev freista Wormux, men eg kann ikkje segja det fenga …

  5. Eg meiner Teewars: http://happypenguin.org/show?Teewars

    Finst òg av OK slike-spel:
    Hedgewars: http://happypenguin.org/show?Hedgewars
    OpenLieroX: http://happypenguin.org/show?OpenLieroX

    Scorched 3D er vel òg noko liknande: http://happypenguin.org/show?Scorched%203D

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: