Archive for november, 2008

30-dagarsprøva – frelse brukende

Heilt frå eg høyrde um Linux fyrste gong, hev eg ynskt å freista det. Eg gjorde franskleksone åt ein i klassen mot at han brann tvo plator åt meg: Ubuntu (Gutsy Gibbon på den tidi) og PCLinuxOS 2007. Då me sette i Ubuntu-plata, tok det ikkje lang tid fyrr eitkvart klikka (men det verka då eg freista seinare), so fyrste Linux’en eg freista skikkeleg, var PCLinuxOS 2007, og det er eg glad for; der var ein sers god rettleidar som fylgde med, og som eg lærte mykje av. Etter at eg hadde leika med PCLOS ei stund, installerte eg Ubuntu, som då var lettare, ettersom eg hadde lært litt um partitionar frå rettleidaren i PCLOS. Eg lika utsjånaden i Ubuntu betre, men avdi eg på den tidi ikkje hadde trådlaust netverkskort i det heile, og dimed laut finna meg i å nytta eit USB-kort i staden. PCLOS tok det utan vande, men det gjorde ikkje Ubuntu. So då enda eg upp med å køyra PCLOS og Windows heilt til eg fekk ei ny machine.

På den nye machini mi (som eg kalla «Kamma» då Ubuntu spurde meg um namn) freista eg få netverkskortet (eg lærte av Odin at Broadcom-kortet mitt er noko skit) til å verka, men fekk det ikkje til. I går installerte eg Ubuntu Intrepid Ibex, som Odin sagde munde hava betre studnad. Det hadde det. No hev eg trådlaust net i Ubuntu, og dimed kann eg nytta machini mi nett som fyrr, jamvel i Ubuntu.

Då byrjar eg ein månad der eg berre skal køyra frelse brukende, og ikkje starta Windows i det heile. Den einaste skilnaden eg kjem på no, er at eg lyt spela andre spel i Ubuntu. Elles kann eg nytta netet, skrivebrukende, og alt slikt nett som fyrr. Dette skal nog verta lettaste 30-dagarsprøva evah, lzzm. 🙂

Eg er på fira minutt på solskodingi, men grunna vêret, veit eg ikkje kva tid eg fær heldt fram.

Comments (5)

Eigarskap

Eg kom til å tenkja på dette med å eiga ting. Korleîs skaffar ein seg retten på noko? Kann ein eiga ein stein, eit tre, ein medskapnad? Sjølv meiner eg at ein kann gjera alt ein vil, so lenge det ikkje gjeng ut yver retten andre hev til det same. Gjeng det ut yver denne retten, lyt ein hava semja millom dei det gjeld.

Eg meiner ein skal ganga undan eigarskap. I alle høve meir enn me gjer i dag. Dyr kann ikkje eigast, ettersom det tek frå deim retten til å råda seg sjølve. Dette gjeld alle dyr – eg skil ikkje millom livsretten åt maur, menneske, måsor, bjørn, hest, elder noko anna dyr. Eg trur i røyndi dette er «upprørske» tankar, men tenkjer ein seg inn i staden åt ein annan, til dømes ein gris som skal slaktast, lyt ein då sjå kor gale det er at ein art skal råda yver ein annan. På engelskt heiter slikt speciesism. Eg likar å kalla det artsisme.

Når det gjeld å eiga stein/»daude» ting og tre, kann ikkje dei råda seg sjølve som dyr, men tre og andre vokstrar er jamvel lìvande, og me lyt drepa deim i so liti mun som råd, for ikkje å nemna at dei reinsar mykje av lufti me ureinar. «Daude» ting meiner eg kann eigast um ein hev eit serskildt tilhøve til tingen, og so lenge det ikkje trør på retten andre hev til å råda seg sjølve. Ein kann i utgangspunktet ikkje neitta andre å fara til elder busetja seg på ein stad avdi du «eig» den staden, men alle hev au rett til å kunna vera litt for seg sjølve, so ein må hava ein stad å bu, men som er av vitug storleik og qualitet. Der kann ein krevja å vera for seg sjølv. Privet-liv er viktugt.

Denne «lovi» gjeld i røyndi berre menneske, avdi andre dyr hev eigne, naturlege lover. Jamvel lyt menneski respectera desse rettane hjå andre dyr au, og samstundes tryggja seg på ein fredeleg måte mot at privet-livsretten vert broten. Viktugast av alt er at me lìver fredelegt saman i eit berekraftugt samfunn der alle kann utfolda seg. Det er det som gjer at eg hev stor tru på Miljøpartiet Dei Grøne, men denne posten er ikkje meint som politique-propaganda.

I morgon skal eg på landsstjornsmøte i NMU. 🙂 Mettā!

Kommenter innlegget

Medvitsdrøyming andre gong

Sist eg sagde eg skulde freista medvitsdrøyma, fekk eg det ikkje til. Denne gongen hev eg eit godt hugbilæte:

  • Røyndomsprøva kvar gong eg vaknar (tvo gonger i døgret)
  • Røyndomsprøva kvar gong eg høyrer ordi «Miljøpartiet Dei Grøne», «Norsk Målungdom», elder «Ivar Aasen».
  • Freista på WILD kvar nott.

Hugs å melda dykk inn i Miljøpartiet Dei Grøne! Spreid bodskapen!

Kommenter innlegget

Svar på namnebrigdet!

No hev eg fenge svar på meldingi um namnebrigdet. Dei hadde visst vande med serteikni mine, og ikkje berre þ og ð; dei hadde ei lista yver seks – 6 – teikn eg skynar dei kann trykka på so dei kjem fram, so dei lyt hava havt vande med jamvel í og ó.

Som den greide buddhisten eg er, sende eg eit netbrev åt deim der eg klårgjorde korleîs ein skriv teikni. Vonar berre det var det som var i vegen, og ikkje at brukendet deira hadde vande med å lagra det.

Kommenter innlegget