Ope sinn, gode haldningar og gode vanor

Eg tenkte på ei sak i dag: Er eg for «sutrut»? Svaret trur eg er «ja». Det lyt eg gjera noko med. I staden for å henga meg upp i ting som gjev låk kamma, skal eg freista framheva ting som gjev god kamma. Eg tala med ein kristen sauebonde frå Bjerkreim i dag (ikkje vondt meint, sjå fyrre setningi) um å eta kjøt. Som veggis(s :p) er eg sjølvsagt imot det. Jamvel hev eg no kome fram til at eg ikkje lyt klaga yver det, avdi det ikkje hjelper korsom er. Um eg då evlar tenkja gode tankar, kann det, som sauebonden sagde i ein annan samanheng, hjelpa meg til å gjera det betre på andre umråde au.

«Lev som dagen idag er den siste» – det hev eg tenkt litt på um ikkje eg skal freista lìva etter. Tenk so dumt um eg segjer noko stygt ved einkvan, og han dauder dagen etter!

Og so litt um Bibelen. Eg trur ikkje på det som stend der, men eg skal ganga ved at der finst koselege og gilde sogor å lesa. Jamvel er der fæle og ekle, men det er ei onnor sak.

Eg skal byrja træna att no: Sundag, tysdag, og torsdag skal eg jogga frå kring tjuge yver fem til ti på seks (på morgonen) vert det vel.

Eg hev forresten byrja so smått å læra Pāḷi, men me fær sjå kor langt eg dreg det. I morgon byrjar eg å meditera, trur eg, som den gode buddhisten eg gjerne vil verta.

No hev eg sét «Brui til Terabithia», og lyt berre segja at han fær ein seksar av meg. Odin hev skrive godt um honom for lenge sidan, og eg vart ikkje vonbroten. Lìvande og kjenslesterk var han.

God nott.

Advertisements

4 kommentarar »

  1. Godt! 🙂 Rett haldning. Eg merkjer eg hev sjølv vorte mykje meir open dei seinare åri. Likevel hev eg hatt eit tilbakeslag no sidan eg jobbar so mykje. Eg fær so lite tid til å tenkja og slappa av når eg er uppteken heile tidi. Fær ikkje slappa av og tenkt korleis eg eigentleg vil vera, kva eg lyt fokusera på osb.

    Men det kjem, eg må berre verta ferdig med denne intensive perioden. 🙂 Eg lover at eg skal kutta ned på ting i framtidi.

    Legg til ei lenkja på «Odin hev skrive godt um honon for lenge sidan», so vert det enklare for folk å sjå. 🙂

  2. medvitssvevn said

    Ah! Lurt med lenkja, eg tenkte på det i går, men var so trøytt. :p

  3. Synnøve said

    God haldning, men kvifor «kamma»? Er det ein alternativ skrivemåte…?

    Eg vil òg tilrå boka «Bridge to Terabithia», eller «Alene på den andre siden», som ho heitte då ho vart omsett til bokmål.

  4. medvitssvevn said

    Ah, vel; kamma er det same som karma, men ettersom eg heller mest mot theravāda-buddhismen vel eg å nytta ordet slik det skrivst på Pāḷi.

    Eg trur eg vil lesa hana, og då på engelskt. 😉

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: