Archive for oktober, 2008

Ej pǫost inn iŋliš – bikås ai kæn. (friviljug lesnad :p)

Tudéj aj fíl laik raiting in iŋliš. Ðiss iss nǫtt bikås aj hævv nǫþiŋ innterresstiŋ tu šér, ðøu. Aj dšøsst fíl ðæt itt’d bí kóul tu traj øut mai ǫrðøugræffikk ouéj ǫff raitiŋ inn ej ríl text.

Æss ju maijt nøu, aj lǫvv Canada, mejnlij bikås ǫff itts bjútifull flæg ænd ænþemm. Aj hæppnd tu fajnd ða besst vøršns evvø ǫff O Canada baj sørtšing Youtube. Itt stárts ætt 0:42.

Æss ouell, aj fajnd ðís sǫŋs abøut Sarah Palin tu bí kouait júmǫrøus tu lissenn tu.

Advertisements

Comments (5)

Ein ny freistnad! (uppdatért)

Ein ny liten freistnad byrjar (ǫffissiellt) i morgon. Eg tenkjer halda det gangande i ei-tvo vìkor og sjå korleîs det er å skriva framandord so ljodrett (orrtofónt) som råd. Her på sida hev eg fenge nokre fåe innspel frå folk som ikkje lika måten eg skreiv framandord på tidlegare, so no fekk eg hug til å freista dette. Det vert litt likt slik eg skreiv talemål fyre eg byrja med nynorsk.

  • lange sjølvljodar vert merkte med akksã égý (til dømes á, é, í osb)
  • nasálar vert merkte med tilde (til dømes ã, men det er berre når eg tek ordi beint frå fransk)
  • lange medljodar er allstødt dǫbble (til dømes kk, bb, tt osb)
  • lang å-ljod = å
  • stutt å-ljod = ǫ (brigda: ò => ǫ)
  • lespeljod (th på engelskt; z, c (fyre i og e) på spanskt) = þ
  • stungen d = ð
  • engelsk sh-ljod = š (engelsk/spansk ch-ljod = tš)
  • fransk stemt j = ž
  • ng-ljod = ŋ (ny!)
  • ks-ljod = x (ny!)

Kannhenda eg hev gløymt eitkvart, men då uppdaterer eg. Dette gjeld ikkje sernamn!

Mun verta spanande.

Comments (3)

Éi setning på éi sida! :o

Eg skreiv sidemål idag, og bokmålet gjer det lett å laga lange setningar. Her er teksten, men eg skal brigda honom litt og dela honom upp i mange setningar, elles likar læraren teksten enno mindre.

Språkrådets avgjørelse

Språkrådet forbeholder seg den rett å ta språkets skjebne i sine egne hender i forbindelse med debatten rundt normeringen av det norske folkespråk; de utnytter det faktum at de kan benytte seg av de metoder som til enhver tid måtte foreligge for å utkonkurrere sine rivalers tilsynelatende mindre viktige opinioner om hva som medfører riktighet i forhold til initiativ å ta, samt handlinger å utføre vedrørende det nynorske språks grammatikk, syntaks, ortografi og vokabular; språket skal nå bearbeides og forenkles ved mindre valgfrihet, noe Norsk Målungdom, Noregs Mållags ungdomsorganisasjon, frykter kan føre til at nynorsken tilnærmes bokmålets vokabular ved at de tradisjonelle, «arkaiske» ordene og skrivemåtene normeres bort til fordel for de bokmålske formene som stadig infiltrerer dialekter over det ganske land, hvilket vil føre til at bokmålets prestisje øker på en slik måte at dets posisjon i dialektene forsterkes, og slik holder det gående – kanskje til alle er fullstendig assimilerte med bokmålet, eller kanskje Oslo-målet; i tilfelle ville kanskje hunkjønnsformene av substantiv vare enda en stund – språkrådet står i alle fall på sitt, og vil ha en enklere normering, hvilket de, med direktør Sylfest Lomheim i spissen, begrunner med at den store valgfrihet nynorsken tilbyr, gjør den tungvint å forholde seg til uten hjelp fra en ordbok, og da spesielt i forhold til bokmålsbrukere som opplever vanskeligheter ved sitt sidemål fra før av, hvilket nok også støttes fra manges, inkludert målfolks, side, men etter min mening er høynorsk, eller høgnorsk, som det i realiteten kalles, hvis grammatikk og bøyninger faktisk er blant de mest logiske og systematiske av noe germansk språk, rivalisert kun av islandsk og, i noe mindre grad, færøysk i moderne tid, hvilket gjør det lettere å lære, samt benytte seg av i dagliglivet, veien å gå; språket innehar dessuten en fast form, dets stavemåte er bestandig, det ivaretar tradisjonsrike ord og uttrykksmåter, og er åpent for nye ord fra det norske vokabular – hva om vi bare hadde undervist våre barn i god høgnorsk, skrevet bøker på språket (utover det som finnes fra før), og innarbeider dette pure måls rikdom i vår kultur, dernest tillegger oss en (høy)islandsk politikk og fjerner alle fremmedord?

Comments (2)

Svevn fyre træning

Eg hadde tenkt å byrja træna idag, men eg var for trøytt då eg vakna. Minner meg um at svevn er viktugast, dinæst mat, og so træning. So … sér ut til at eg lyt venda meg til eit svevnmynster … men kva skal eg velja?

  • Vanleg «statt-upp-same-tidi-kvar-dag-og-legg-deg-når-du-er-trøytt»-mynster
  • Tviphasesvevn

Mangphasesvevn er utelukka fram til jol. Tviphasesvevn gjer at eg kann vera uppe litt lengre, men at eg sjølvsagt lyt sova på dagen. Eg lyt velja snøgt.

Solskodingi gjeng forresten frametter, um enn seint. Det veld skyone som løyner soli for meg. Eg skal sjå i eitt minutt og tjuge sec. næste gong.

Kommenter innlegget

Ope sinn, gode haldningar og gode vanor

Eg tenkte på ei sak i dag: Er eg for «sutrut»? Svaret trur eg er «ja». Det lyt eg gjera noko med. I staden for å henga meg upp i ting som gjev låk kamma, skal eg freista framheva ting som gjev god kamma. Eg tala med ein kristen sauebonde frå Bjerkreim i dag (ikkje vondt meint, sjå fyrre setningi) um å eta kjøt. Som veggis(s :p) er eg sjølvsagt imot det. Jamvel hev eg no kome fram til at eg ikkje lyt klaga yver det, avdi det ikkje hjelper korsom er. Um eg då evlar tenkja gode tankar, kann det, som sauebonden sagde i ein annan samanheng, hjelpa meg til å gjera det betre på andre umråde au.

«Lev som dagen idag er den siste» – det hev eg tenkt litt på um ikkje eg skal freista lìva etter. Tenk so dumt um eg segjer noko stygt ved einkvan, og han dauder dagen etter!

Og so litt um Bibelen. Eg trur ikkje på det som stend der, men eg skal ganga ved at der finst koselege og gilde sogor å lesa. Jamvel er der fæle og ekle, men det er ei onnor sak.

Eg skal byrja træna att no: Sundag, tysdag, og torsdag skal eg jogga frå kring tjuge yver fem til ti på seks (på morgonen) vert det vel.

Eg hev forresten byrja so smått å læra Pāḷi, men me fær sjå kor langt eg dreg det. I morgon byrjar eg å meditera, trur eg, som den gode buddhisten eg gjerne vil verta.

No hev eg sét «Brui til Terabithia», og lyt berre segja at han fær ein seksar av meg. Odin hev skrive godt um honom for lenge sidan, og eg vart ikkje vonbroten. Lìvande og kjenslesterk var han.

God nott.

Comments (4)

Uhell i nott – ein eller ein halv time

Eg hev laga det til slik at serskilde songar set seg på til ulike tider, kvart tiande minutt, og kunde difor segja at uhellet var ein halv time langt, um ikkje songen hadde vore på i ein time, då (elder meir :/ Neidå, då hadde téléphonen ringd).

Eg undrar litt på um eg skal halda fram på seminaret elder ikkje … tenkjer halda fram etteråt korsom er; eg hev jo ingen sers krevjande fag å taka umsyn til.

Comments (3)

Buddhisme og svevnfreistnad

Eg hev funne ut at eg og buddhismen er samde um det meste, og reknar meg no sånn umlag for buddhist, elder i alle høve halv-buddhist. Noko av det eg og Buddha tenkjer likt um er synet på liv, etique, og moral.

Men, no hev eg byrja svevnfreistnaden att. Eg søv dimed tjuge minutt kvar fjorde time, og vonar eg kjem inn i det fyrr Mangfaldsseminaret. Hadde eit uhell på ein time i dag, men eg fann ut at det er ristingi frå téléphonen som vekker meg oftare enn sjølve ringingi, so det gjeld å hava honom på eit hårdt underlag. Det hadde eg ikkje ved middagstider i dag.

Solskodingi gjeng au greidt, men vêret øydelegg for meg. Eg skal sjå i eitt minutt næste gong eg fær høve til det, lengre hev eg ikkje kome. Teite skyer.

Kommenter innlegget