Frå derivation til conjugation!

Eg er no officielt på tungomålsfag! Eg hev 14 timar i vìkonna, dvs. 16 fritimar! Physique-characteren frå i fjor skal eg byta ut med ein fransk III-character til sumarsens! No bider eg berre på bøkom, so byrjar eg lesa tysk og avancert fransk!

Advertisements

14 kommentarar »

  1. Sara said

    Hmm. Avhengig av kor mykje fransk du kan frå før, så vil eg berre åtvara deg om at det kan henda at «avansert fransk» ikkje lever opp til forventningane dine. Det er ikkje særleg avansert. Men det treng ikkje vera negativt, då. Det spørst om du tykkjer ny læring eller god karakter er viktigast.

  2. medvitssvevn said

    Vel, båe er viktuge, men eg tek det mest for å yverlappa physiquen for i fjord. Men eg tarv å halda fransken min ved like.

  3. Sara said

    Då går det nok greitt 🙂

  4. Eirik said

    kvifor har du funne ut at det er ein god idé å ignorera alt godt som har hendt norsk ortografi dei siste hundre åra, jf. ord som «physique» og «avancert»?

  5. Ja, eg er einig med Eirik. Det vert jo nett som danskane som berre tek inn stygge, stygge ord som ikkje passar inn i språket (maionnaisse elder kva det var) i staden for å:

    1) (best) Laga nye ord (som islendingane)
    2) Umskriva dei slik dei passar betre inn i språket og systemet som ligg der frå fyrr (som me gjer mykje i Noreg)

    Eg kann ikkje seia at eg ser ein einaste fyremòn med å skriva derivation i staden for derivasjon (som er slik det uttalast).

  6. Eg likar ikkje det meste som hev hend norsk ortographie dei siste hundrad åri; det gjev jo ingi meining å skriva »om» og »opp» i staden for »um» og »upp». Grunden til at eg skriv ord stolne frå fransk på fransk, er for å gjera upprør mot nett det andre punktet hans Odin. Eg er imot å løyna fransk, latin, og engelsk i norsken. Det er au eit upprør mot at ein ikkje gjer det som Odin segjer i punkt ein. Sjølvsagt er det ingi fyremun, men det er ikkje punkt tvo helder.

  7. Eirik said

    men synest du ikkje språket ditt skal sjå fint ut? ta seg godt ut? verka nokonlunde naturleg? eg trur ikkje det er spesielt mange fleire som vil omfamna ideen om å byta ut lånord med norske konstruksjonar fordi du arrangerer denne språklege gå sakte-aksjonen mot alt som ikkje er hundre prosent rotnorsk. når me fyrst har dei orda me har, er det lite som tyder på at det er spesielt lett å fasa dei ut. då burde me heller leggja vinn på å syta for at dei vert ein organisk del av resten av språket, slik me i stor grad har fått til her i noreg, og i alle fall mykje betre enn i danmark, slik odin påpeikar. eg trur det vil vera meir konstruktivt å bruka norske innbytarord enn å maltraktera målet med denne lappeteppespråkføringa di.

    eg har dessutan ei anna innvending: kor langt skal du ta denne lina? eit ord som «hiva» stammar til dømes frå engelsk (og dette er berre eit døme, ver så snill ikkje kom med utgreiingar om dette einskildordet), og har vore ein naturleg del av språket i mange, mange år. er det då naturleg å fasa det ut til fordel for eit anna, eller stava det «heave»?

    men eg tykkjer det er bra at du bryr deg! det er betre med mykje engasjement enn inkje engasjement.

  8. medvitssvevn said

    Sjølvsagt vil eg at målet skal sjå vænt ut! Det er difor eg stydjer Odin i fyrste punktet hans. Nei, eg vil ikkje at det skal sjå «naturelegt» ut; tungomål er IKKJE «naturelege», dei er culturelle.

    Eg trur ikkje det, eg helder. På same måten so eg ikkje trur at fleire vel å skriva nynorsk berre avdi eg gjer det, elder verta veggisar. Skal me berre gjera det som er lett? Då kann me jamvel berre skriva engelskt alle. Heile poenget mitt ER jo at me skal nytta norske ord.

    Vel, eg veit jo ikkje alle ordi av utanlendsk upphav, men når eg finn deim, so skriv eg deim som dei skal skrivast, alt etter kvar dei kjem frå. Som sagt finst ingen «natureleg» lùt av målet. Det er ingenting naturelegt med tungomål. Eg bytar ikkje ut ord som kjem frå norrønt, til dømes; eg skriv ikkje «þing», men «ting», på same viset som eg nyttar latinske ord i fransk og spansk.

    Grunden til at eg nyttar fransk for ord som fyrr det att vart nytta i latin, er forresten avdi eg reknar med at det er fransken dei er stolne frå; tak berre uttalen på «engagement» (kvi skriv du ikkje det som «angasjemang», um du skal vera so ortographisk correct?), og det at fransk var målet i den danske yverklassa ei stund.

    Det er allstødt bra å bry seg, eldes gjeng mykje gale.

  9. Synnøve said

    Njah… Eg er no ikkje samd i at det ville vore lettare for nordmenn å skriva engelsk. Men det er kanskje ein digression.

    Elles vil eg gjerne nyancera det du seier om fransk og latin. No er eg ingen expert på norsk målsoge, men i fransk skil dei mellom «mots communs» (eller noko slikt, eg hugsar ikkje den exacte termen nett no) og «mots savants». Mots communs er ord som har utvikla seg over lang tid i takt med målet, men som stammar frå latin, medan mots savants er latinske lånord som vart tekne inn på eit seinare tidspunkt. Som sagt, eg veit ikkje, men eg trur mange av dei latinske lånorda me har i norsk, er like «latinske» som dei er «franske».

    Vonar elles du set pris forsøket mitt på å nytta ein «synleggjerande» ortographie. Det var litt artig.:-)

  10. medvitssvevn said

    Ikkje sant? Det er dritgild å lesa au, berre spyrr klassa mi. :p

    Eg hev ikkje høyrd um den skilnaden fyrr – skriv dei ord som hev kome seinare på ein annan måte enn dei tidlegare?

  11. Synnøve said

    Ein tommelfingerregel for å kjenna att mots savants i fransk, er at dei har 3+ stavingar, av di dei har kome direkte inn i fransken frå latin, utan å ha vorte «slipte ned» gjennom århundre med språkendringar. Mange av desse orda er òg ord som me har lånt inn i norsk, og jamvel om dei kjem via fransk, er dei like mykje lånord der. Likevel har fransken tilpassa dei sitt eige system, slik me har tilpassa dei vårt.

  12. medvitssvevn said

    Det skynar eg godt. Når eg skal bøygja desse framandordi kjenner eg det vert litt løygje. Men grunden til at eg gjer det, er jo for å syna kva framandord me lyt byta ut.

    Eg tenkte nett på det tidlegare i dag, kvi eg er so imot framandord, og eg trur ikkje eg kann so mykje for det. Hadde me berre havt innarbeidde norske motstykke til alle framandordi, hadde det vore bra … Og det trur eg me kann få til um me gjeng inn for det, men det er som med kloteuppvermingi …

  13. Synnøve said

    Eg trur eigentleg ikkje det gjer so mykje – alle språk har lånord, og jamvel om makttilhøve i samfunnet sjølvsagt styrer kva språk som påverkar og kven som vert påverka, trur eg ikkje dette er ein viktig strid å ta, sidan desse orda ikkje trugar det norske språket som system på noko vis. Eg er faktisk meir uroa over påverknad på syntaks, sidan dette er meir «skjult».

  14. medvitssvevn said

    Nei, det gjer vel ikkje det … men eg evlar ikkje yvertyda meg sjølv um det! Ikkje alle hev det; so vidt eg veit finst tri som ikkje hev det, elder som ein kann klara seg utan lånord i; (høg)islendskt, tamil, og mäori. Eg skynar korkje tamil elder mäori, men på hafronska.org stend det no.

    Éi fylgja av at framandord snik seg inn på alle kantar i skulane, er at det vert glosor i realfag og norsk. Til dømes hadde me nett um setningarbygnad i (ny)norsk, og ei gjenta (ho var den einaste som var opi um det, men eg trur der var andre au) peika på kor teit det er å kalla notid og fyrrtid av gjerningarord «presens» og «preteritum». Det er ikkje løygje at folk hatar nynorsk når det skal vera so innvikla! Sjølvsagt vert norskdansken like innvikla, men den kann flestalle frå fyrr, so då gjer det mindre um dei ikkje skynar bøygjing og slikt.

    Du hev heilt rett um setningarlæra; det syner seg um att og um att; serskild i eigefall.

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: