Rå vegan-freistnaden byrjar att!

Rå vegan-freistnaden byrja i dag! Didrik er med denne gongen, men me sér kor lenge han held ut … Korsom er, denne gongen ætlar eg freista spirulina, sjøgras med masse ulike næringsstoff i – i pulverform. Kor rått det er, veit eg ikkje, men eg tenkjer meg at det er turka og so knust, so då er det vel greidt. Anna-Thea klarer seg fint på rå diett med spirulina, so då gjer vel eg det au. Takk åt hana for rådet. Spirulina inneheld dei næringsstoffi eg såg etter i spinat, men i mykje større mengder.

Både Steve Pavlina og Odin, som båe hev medverka til at eg gjeng den leidi eg gjer, hev lagt ut um positive sidor ved denne lìvemåten, og Magnús, Skjöldur, og Anna-Thea hev kome med endå noko til;

  • Større yverskot
  • Mindre svevn
  • Ingi kroppslukt
  • (Mykje) lettare fødslar (Anna-Thea hev ikkje røynd det sjølv, og det gjer nog ikkje eg helder)
  • Klårare tankar (denne skal visst gjelda mangfasesvevn au, ifylgje Pavlina)
  • Betre form (styrkje osb.)
  • Mykje gjort
  • Mindre skiftande åtgaum
  • Sterkare lekamsvern
  • Medelvìkt
  • Ogso so gysla practiskt!

Det er visst dyrare med grøntfôr enn braud og slikt no, so det mun verta tronge kår når eg fer for meg sjølv, um eg då vel å halda fram. Denne gongen freistar eg i kvardagen, og mun få betre karakterar, er von.

Dette er fyrste dagen. No fær me sjå kva eg tenkjer etter tvo månader.

Advertisements

6 kommentarar »

  1. Gode greidor! Eg fylgjer som alltid interessert med! Vil gjerne høyra meir um dette sjøgraset, verkar bra. 🙂 Noko eg må tenkja på når eg skal prøva meg att! 🙂

  2. medvitssvevn said

    Ein kann tinga det her: http://www.mamut.net/medurt/shop/
    Berre bla ned til Spirulina/Chlorella. Det kostar mindre jo meir ein kauper, for grammet, sjølvsagt.

  3. Eirik said

    Tykkjer ikkje det er litt etisk tvilsamt å lura veslebror din med på noko slikt?

  4. medvitssvevn said

    Jau. Men eg gjer ikkje det. Han ville jo sjølv, og sluttar når han vil.

  5. Janne said

    Eg ville berre seie at spirulina funkar fett, råvegan eller ikkje. Fekk betre overskot når eg tok dei pillene. Men so tok det slutt. Og eg veit ikkje heilt kvifor eg ikkje kjøpte ein ny boks eigentleg.

    Prøv og Acai-bær. Njuuuudleeg. Regnskogbær som inneheld fleire gongar så mykje antioksidantar enn blåbær.

  6. medvitssvevn said

    Kvar fær ein tak i dei bæri? Høyrest bra ut!

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: