«Norvagismar» (og andre framandord)

Eg hatar framandord. Ikkje når dei sit fint og stilt i målet dei høyrer heime i, men når dei kjem og bit seg fast i norsken, då vert eg arg! Eg kjem til å skriva alle framandordi i kursiv.

Tak til dømes ordet norvagismar. Det er ord som vart nytta i dansk litteratur på tidi hans Petter Dass, der ein ikkje fann noko danskt ord, og nytta eit norskt eit i staden. Tenk – å skildra nytte av norske ord med eit framandord!

Eg freistar finna norske ord for framandord eg råkar på, som -(i)anar, t.d. veg(etari)anar. Desse kann setjast um til -etar;

  • (lacto-ovo) vegetarianar -> (mjølk-, egg-, og) grønsaketar
  • veganar -> streng grønsaketar
  • pescatarianar -> fisketar
  • omnivore -> altetar
  • rå veganar -> rå grønsaketar (ein er streng då :p)

(Kjell ynskte ei yversikt yver dette. Versogod, Kjell.)

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: