Archive for september, 2008

Fyre tidi + berrføtt

Eg hadde tenkt å byrja ganga berrføtt, men det er litt kaldt no. Eg byrjar til våren; det er ein lùt av solskodingsprojetet.

Solskoding, ja. Eg klatra upp på Gråfjellet idag med Joar og Orvar, og me såg på soli i tie sekund. Sers lett, i røyndi – so no hev eg byrja fyrr eg hadde tenkt. Det sveid ikkje i augo som det gjer midt på dagen. I morgon skal eg sykla til skulen i staden for å jogga, so sér eg um eg skal halda fram med det. Det tek litt meir enn ein time til skulen, men eg reknar tvo timar, ettersom eg lyt koma fram fyrr soli renn.

Forresten, um alt gjeng etter planen, er eg ferdug i slutten av juni/byrjingi av juli, og då kjem sannsynlegvis Hira Ratan Manek til Noreg (han skal visst vitja mest alle londi i Europa i sumar). Det mun verta bra!

Comments (2)

Solrenning + Dalane = «Hmm … upp klokka fira?»

Eg fann ut no at soli renn medan eg sit på bussen. 😦

Her er planen min:

  • Standa upp kvart på fira i staden for fem (eg skal freista mangfasesvevn fyrst, og sjå um eg slepp dette).
  • Sykla til skulen/der bussen køyrer forbi, alt etter når soli renn.
  • Når soli renn medan eg hev time, skal eg «ganga på dass»/spyrja um eg kann ganga ut ein tur.
  • Eg er so lur. 😉

Kom med framlegg!

Comments (1)

Heil solguden!

Eg kom yver denne forvitnelege sida – gjenom Steve Pavlina, sjølvsagt – idag. Verkar tryggare enn svevnfreistnaden, og eg er jo stødt uppe både fyrr og etter soli, so eg tenkjer freista solskoding.

Sjølve tilmåtingi tek nie (9) månader der ein skodar upp på soli medan ho gjeng upp. Ein byrjar med tie sekund, og legg til tie sekund kvar dag. Etter nie månader er det 44 minutt. Då skal ein hava betre hjernecapacitet, tankekraft, helsa, og ikkje turva eta!

Eg fører logg her på sida.

Kommenter innlegget

Rå vegan-freistnaden avslutta

Mja, eg tenkte fyrst å halda på i tvo månader, og so berre éin månad, og no berre sluttar eg heilt. Eg skal byrja att ein annan gong, men nett no er eg ikkje motivert nog; eg slutta med rekning og physique, og dei var vandskelege og énergie-krevjande, so eg turvte meir énergie. No tarv eg ikkje det lenger. Dessutan saknar eg baunor og ris.

Eg skal freista um att seinare, men ikkje fyrr eg er motivert nog. Ogso lyt eg lesa meir um det.

Mangphase-freistnaden gjeng som planlagt i haustferien.

Comments (2)

Frå derivation til conjugation!

Eg er no officielt på tungomålsfag! Eg hev 14 timar i vìkonna, dvs. 16 fritimar! Physique-characteren frå i fjor skal eg byta ut med ein fransk III-character til sumarsens! No bider eg berre på bøkom, so byrjar eg lesa tysk og avancert fransk!

Comments (14)

My Personal Jesus

Roar Marton Barstad er avdelingarandsvarleg (elder eitkvart) på skulen min. I dag tala eg ved honom um eit mogeleg byte av programme-umråde! Dei som gjeng med meg på skulen veit at eg ikkje likar korkje rekning elder physique, so eit byte frå realfag til tungomålsfag hadde vore det beste som munde henda meg no – serskild ettersom eg ligg litt etter med leksone i båe fagi! Eg held på med andre året av spansk som programme-fag, og um eg fær taka tvo år med tysk i eitt (skal nog evla det – germansk formlæra er ikkje so gale), og få timetal for båe åri, slepp eg rekning og physique 4 evah lzzm!

Gjeng det, er Barstad My Personal Jesus … og um ikkje, My Personal Judas, men eg er optimist. No skal eg kosa meg med spanskleksom, men eg laut skriva dette no som eg hev fenge att netet her.

Eg hev byrja træna att, forresten. Tri gonger i vìkonne spring eg tri firaminuttsintervallar. Kjem nog i form att, skal me sjå! Talast!

Kommenter innlegget

Eg skal byta namn … nemnde eg det?

Eg skal altso det, same kva dei folki segjer. Eg bider svar næste vìka elder eitkvart.

Eg hev fri vilje, veljer eg å tru. Dimed er det eg som avgjer namnet mitt, ingen andre.

Eg freistar lìva etter tanken um at «Ein kann/må gjera kva ein vil, og som ein meiner er rett, um det ikkje hindrar andre i det same, elder medvite øydelegg høvet deira til lukka.» (philosophy slightly under development).

Hehe, sér ut som ein tale. :p

Comments (2)

Older Posts »