Eg er attan år …

Jupp, no er eg attan! Kom med fordelane mine! Respect my authority!

Neidå. Men, det er kannhenda fint å vera attan, veit ikkje eg. Aldri vore det fyrr.

  • Eg må no taka lappen. (På bil)
  • Eg må kaupa røyk, alkohol, og annan drit.
  • Eg må skriva under på ting.
  • Eg må taka avgjerder sjølv. (Ja, ikkje sant …)
  • Eg må røysta ved val. 😀
  • Eg må brigda namnet mitt utan å spyrja nokon.
  • Eg må kaupa domaine på Netet …
  • … og når me er inne på Netet, må eg vitja vaksen-sidor.
  • Folk kjem til å tru at eg hev vorte vaksen no …
  • … og verta vonbrotne når det er gale.

Eg segjer det berre med ein gong: flestalle av dei punkti eg lista upp yver her, hev eg ingi gleda av. Kva so? Kaupa drit skal eg ikkje. Eg hev då princip. Um mamma so vert sint – eg neittar. Og lappen vil eg kje hava, ikkje no, i alle høve.

Fødedagssong:

Mel: Nordmannen

Tekst: VVB

Millom Bakkar og Berg ut med Havet

heve Víkþórr fenget sin Heim

Der han sjølv heve drive Freistnader,

og tykt godt um Gardsdriftseim.

*klappklapp*

Eg skal freista skriva um korleîs eg hadde det i Oslo snart.

Advertisements

4 kommentarar »

  1. Sara said

    Til lukke med dagen! 🙂

    Eg er heilt samd med deg, 18 år er oppskrytt.

  2. Gralla! 😀 Wey! Wohoo! Woo. Masse w-ing. 😉

  3. Henrik said

    Hæh? Kødda du?! Ej blei atten i dag (26.august)! Også. (Tvillingsjel?!). Digga dialekta i allefall

  4. medvitssvevn said

    Sara & Odin: Tusund takk!

    Henrik: Visst vart eg attan den 26. Du er ikkje den fyrste som segjer det, men eg skriv høgnorsk, ikkje slik eg talar. 😉

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: