Braudskivor for fyrste gong på éin månad!

I dag åt eg braudskivor med honning på til frukost. Det var godt, men eg ætla i røyndi frukt, kjende eg. Det var uvant å eta braud.

Eg undrar på um eg mun verta sjuk no når eg er vanleg veggis att?

I kveld vert det frukostbraud med ost. Nam! 😀

Til middag hadde me havregraut. Han var god, men kannhenda hadde han vore betre med sukker på – eg vart litt småkvalm av tanken på noko so søtt til middag.

Eg hev sett fyre meg å berre drikka vatn og most frukt, men kannhenda eg au skal løyva meg eit glas mjølk stumdom? Eg ætlar sjeldan mjølk, men trur eg skal taka meg litt um eg kjenner for det.

Eg gjekk yver til å eta snop berre på laurdagar for nokre månader sidan, og samstundes gjorde eg berre is, myrk sjokolade, og kakor til løyvde søtsaker, men kalla berre sjokoladen snop. Eg tenkjer ganga yver til å eta det snopet eg ætlar, men berre på laurdagar, og då i vituge mengder. Kannhenda skal eg au lata serskilde høve som fødedagar og slikt gjelda som laurdagar.

No nyss vart eg agnostikarateist. Eg trur altso offisielt ikkje på ein gud (elder fleire). I røyndi er eg vel ateist, men avdi eg innrømer at eg ikkje evlar prova at der ikkje finst ein gud (men kven kann vel prova slikt?), må eg vel kallast agnostikar.

Hav ein fin slutt på ferien. Talast.

Advertisements

5 kommentarar »

  1. tritonus said

    Ah, vi deler synet på tru, altså. Eg òg har alltid tenkt at i og med at eg ikkje har forutsetningar for å prove at ikkje noko guddomeleg finst, og det stadig finst spørsmål vitskapen leitar etter svar på, må ein, iallfall gjer eg det, halde dørene opne for at det kan finnast. Men eg trur det eigentleg ikkje.

  2. medvitssvevn said

    Jepp. Godt uppsummert. 🙂

  3. Eg er meir ekte agnostikar;

    kann finnast ein elder fleire gudar, det er like sannsynleg som ingen. Vel, – faktisk hev eg byrja draga litt meir mot å tru på yvernaturlege ting. Det er jo ikkje vandskeleg iom. at det er veldig mykje me ikkje forstår. T.d. hev eg *veldig* problem med å forstå kvantemekanikk. Det er heilt utruleg å høyra um! Det gjev ikkje meining med våre naturlover, bryt det totalt. Det er då me kann prata um at det finst andre dimensjonar. Vel, ja. Nei, eg trur på mykje rart eg 🙂

  4. medvitssvevn said

    Slikt som i posten min um tankekraft?

  5. Eirik said

    hurra for nesten-ateisme! det er nesten like bra som heil-ateisme.

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: