Yvertruisk? Eg?

Ja, som flestalle menneske er eg au litt yvertruisk. Eg tenkjer ikkje på Jesus, Allah, elder dei karane. Det er ikkje religion eg meiner. Det eg byrjar lura på, er tankekraft («psionics»). I byrjingi tenkte eg at, sjølvsagt hadde det vore gildt um det fanst – men so las eg gjenom ei sida som heiter PsiPog.net. I ein artikkel fekk eg vita kvi han som skreiv byrja tru på desse greidone, nemlegt ved å tenkja yver kva som kann flytta ting utan å vera burti deim; ein magnet. Og kva tarv ein for å laga ein magnet? Straum. Kva hev me i hovudet? Elektriske impulsar. Det gav meining for meg. Eg tenkjer freista nokre av dei greidone, fyrst og fremst ei or-lekamen-røynsla, som eg hev høyrt um gjenom LD4all. Fær eg til det, er eg yvertydd. Ynsk meg lukka til!

Advertisements

6 kommentarar »

  1. tritonus said

    Eg må seia, Viktor; eg er faktisk imponert over kor mange ulike prosjekt du til ei kvar tid har gåande samstundes:p

  2. medvitssvevn said

    Hehe, takk. Men det er berre no i ferien. Eg trur ikkje eg orkar meir enn eitt um gongen når skulen byrjar.

  3. Prosjekt er kulast i verdi. Eg elskar dei 🙂

  4. medvitssvevn said

    Heilt samd. 😀

  5. Janne said

    Hurra for prosjekt! Kanskje eg og skal få meg eitt? Det kan vere min vesle beibi. Hm. No er jo bananflugeprosjektet ute or huset, då er det jo plass til eit nytt.

    (evt. prosjekt «smugle ein isbjørnbeibi inn på studenthybelen».)

  6. medvitssvevn said

    Eg veit ikkje um det er so lurt. Um han trivst på ein hybel er éin ting, men han skal jo veksa upp au. 😉

    Men alle lyt jo hava eitkvart å gjera – arbeida med seg sjølv, so å segja.

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: