Planar frametter

Innspìlet på fyrre innlegget mitt fekk meg til å tenkja. Det same gjorde denne artikkelen. Eg tenkjer mykje eldes, men no kom eg altso på noko lurt. For det fyrste lyt eg taka meg tid til å laga ei yversikteleg sida med lenker til alle freistnadane og fyretaki mine. For det andre lyt eg draga lærdom or artikkelen, elder rettare, denne setningi: «If I could go back [til træningi byrja] I would reverse the order entirely: I’d put sleep habits as priority one, followed by diet, and with exercise coming in third.» Skynar du det ikkje, lyt du fylgja med i engelsktimane på skulen.

Kva det tyder for meg, er at eg skal (1) få orden på svevnen min 😉 , (2) få orden på matvanone mine (vegetarianar elder veganar? Hmmm …), og (3) byrja træna att. Eg slutta træningi fyre sumaren og mangfasefreistnaden, men tok hana aldri upp att … på ein måte. Livskvaliteten mun auka um eg fær til alle tri, reknar eg med.

Vande: (1) Sofaen betre enn sengi => eg søv i sofaen … men: eg legg meg helst i ti-tidi, og dei andre gjer ikkje. (2) Eg kann lite um kosthald. (3) Eg er lat, og veit lite um træning.

Løysingar: (1) Få dei andre til å leggja seg tidlegare/taka sengi trass alt um dei ikkje legg seg. Andre: mangfasesvevn/tvifasesvevn! 😀 (2) Eg hev NurtritionData.com og Google! 😀 (3) Det betrar seg nog når eg kjem i gang med dei tvo hine, elder tvinger meg gjenom denne ei stund. Eg hev ei gymbok, og Google/Wikipedia. Eg hev trænt fyrr, og kann gjera det um att.

Vert trøytt snart … God nott!

Advertisements

6 kommentarar »

  1. tritonus said

    Takk for gode ord! Eg skal prøve å ha litt bilete framover, men vi får sjå kor det går:p Men no veit du iallfall kven eg er 🙂

  2. tritonus said

    Mest drakk vi so mykje kaffi fordi Eira måtte vise oss alle dei fine kafeane i Bergen:p Eit hardt liv!

  3. medvitssvevn said

    Um … Det er i røyndi greidast å svara på spursmål og slikt der du fær deim. 😉

  4. Bror said

    Kva om du havde freista å brjota deg ned, med til dømes å røykja, drykkja, leggja deg seint og sova lite, eta feit og usunnn mat med med mykje kjøt, drikka cola og ete potetlauv, og så brigda livsstil til mykje trening, sunn mat og sunn svevn? Tenk for ein merkbar overgang det hadde vore, eller kva? Det vert det same som at det er kjekkare og vaska når det er skikkeleg skite, for då merker ein ein skilnad frå før til etter!

  5. *Bror*: Det er ikkje størst mogleg yvergang som er målet. Men å hava det best mogleg 🙂 Dessutan er det sers merkbare yvergangar frå fyrr, hev i alle høve vore det for meg. Og eg ventar på mykje betre resultat enn det eg hev klart fengje til no 🙂

  6. medvitssvevn said

    Odin hev rett. 🙂 Korsom er, røyk er ekkelt – eg orkar kje lukti av røyk, alkohol smakar verre enn seks vìkor gamal potetmos, og eg er imot freistnader med dyr, som det du lagde fram (eta kjøt). :p Det hadde nog vore forvitnelegt, men – nei.

    Eg sér forresten på den tidlegare livsmåten min som nedbrjotande nog.

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: