Ei vìka att av rå veganar-freistnaden

No hev eg snart ete berre rå frukt og grønsaker i ein månad. Lettare enn eg trudde, og det vart stendugt lettare. 🙂 Den ekstra energien hev eg ikkje kjend noko til … Og eg hev ikke sove mindre enn fyrr. Kannhenda grunden er alle svevnfreistnadene mine? Korsom er, ætlar eg gjera det um att seinare, då med ein klårare fyresetnad, for å vera viss på at eg fær i meg alt eg tarv. Rå spinat hev vore vandt å få fingrane i, og dei selde det berre éin stad eg såg etter. Eg gler meg til å eta baunor i tomatsaus, nudlar, ostepizza med mango, feittkokte poteter (pommes frites, synduge meg), og veggispylsor att. 🙂

Advertisements

2 kommentarar »

  1. avsenius said

    Men kvifor er det so viktig å få tak i rå spinat? Eg las ein stad (trur det var på Wikipedia) at spinat er langt frå so næringsrikt som foreldre ville ha det til før i tida.

  2. medvitssvevn said

    Det kann so vera, men han inneheld næringsstoff som er viktuge å få i seg. Eg veit at spinat lyt etast mykje av i slengen.

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: