Archive for august, 2008

Klokka er ikkje fem …

Eg vakna for ei stund sidan, laga skulemat og åt litt, ogso er klokka berre tvo! 😮 Eg legg meg att!

Advertisements

Kommenter innlegget

Landsmøtet i Grøn Ungdom

Sume veit at eg var i Oslo, på landsmøte i Grøn Ungdom. Det var skamgildt! Gildare enn NMU-tilskipingar plar vera, og det segjer jo litt. 😉

Eg møtte masse greide folk, og tidi gjekk ovsnøgt. I det gjenuppretta styret i Grøn Ungdom Rogaland sit talsmann Jon Torger, moderat nynorsking og høgnorsking for kos, skrivar Martin, samnorsking, og pengeandsvarleg, eg, høgnorsking. Coolt.

Eg fekk møta og tala svenskt med sjølvaste Gräsrotsorkestern! Utrulegt gildt! Lærte mykje svenskt av deim (og Jarle). Dei spelte concert for oss, og etterpå måtte me kaupa plator. Eg lika(r) best songen «Debattblues»; citat:

«Temperaturen höjs i studion när satan bryter in, han säger: stopp! jag måste protestera, jag hajjar ingenting
jag trodde det var mitt jobb att släppa hela helvetet lös, men med den politik som George Bush för så blir jag snart arbetslös!
»

Herlegt! Coolare.

På møtet tala eg tollegt mykje um rå frukt og grønsaksdietten med Anna-Thea, som hev vore rå veganar i yver eit år. Ho nemnde forresten at kroppslukt kvarv heilt etter ei tid på rå føde. Null deodorant, og sjølvsagt null kvisor, men det er sjølvsagt på sunn kost. 😉 Eg fekk høyra um spirulina-sjøgras. Ogso hadde ho ein tommelfingerrégle; nemlegt at ein månad på rå føde reinska upp drit i kroppen uppsamla på eit år på vanleg mat. Coolast.

Eg og Didrik tek forresten etter planen til med rå veganar-projetet vårt no på måndag. Målet mitt denne gongen er tvo månader, kannhenda lengre – ævelegt? 😉 Tidi mun syna det.

Therese og Almina frå Gräsrotsorkestern, Tore, Henrik og eg vart med heim til Jarle og feirte fødedagen hans i graset utanfor. Tvo grannar av Jarle kom au med etter kvart. Me åt braudskivor med Nugatti, ost, og syltetøy, men ikkje alt på éi skiva. Jarle hadde forresten agurk i vatnet me drakk. Det var godt.

Eg vart att hjå jarle til ti-tidi, so fór eg til Oslo S. Jarle lånte meg lærebøkene sine i islendskt, so eg vonar eg fær tid til å lesa i deim. Eg stend jo upp tidlegt, so kannhenda eg skal laga meg ein morgonvane?

Comments (2)

Eg er attan år …

Jupp, no er eg attan! Kom med fordelane mine! Respect my authority!

Neidå. Men, det er kannhenda fint å vera attan, veit ikkje eg. Aldri vore det fyrr.

  • Eg må no taka lappen. (På bil)
  • Eg må kaupa røyk, alkohol, og annan drit.
  • Eg må skriva under på ting.
  • Eg må taka avgjerder sjølv. (Ja, ikkje sant …)
  • Eg må røysta ved val. 😀
  • Eg må brigda namnet mitt utan å spyrja nokon.
  • Eg må kaupa domaine på Netet …
  • … og når me er inne på Netet, må eg vitja vaksen-sidor.
  • Folk kjem til å tru at eg hev vorte vaksen no …
  • … og verta vonbrotne når det er gale.

Eg segjer det berre med ein gong: flestalle av dei punkti eg lista upp yver her, hev eg ingi gleda av. Kva so? Kaupa drit skal eg ikkje. Eg hev då princip. Um mamma so vert sint – eg neittar. Og lappen vil eg kje hava, ikkje no, i alle høve.

Fødedagssong:

Mel: Nordmannen

Tekst: VVB

Millom Bakkar og Berg ut med Havet

heve Víkþórr fenget sin Heim

Der han sjølv heve drive Freistnader,

og tykt godt um Gardsdriftseim.

*klappklapp*

Eg skal freista skriva um korleîs eg hadde det i Oslo snart.

Comments (4)

Korleîs eg skreiv og skriv

I dag skal eg greida ut um måten eg skriv norskt på, og korleîs eg gjorde det fyrr.

Frå byrjingi:

Eg lærte norskdanskt på fyrrskulen, men det visste eg ikkje då. Eg trudde det målet heitte norsk, og at det var so nært dansk avdi Danmark låg so nære Noreg. At det var so langt frå tungemålet eg var van med, tenkte eg ikkje gjenom. Det veld kringkastingi, tenkjer eg (jamvel NRK, men dei skal hava ros for dyri i Dyreskogen). Eg høyrde lite um nynorsk på barneskulen, men eg trur eg var burte elder eitkvart då me lærte um Ivar Aasen, so honom høyrte eg um berre éin time. Eg trudde han hadde samla norske ord berre for løygje.

På ungdomsskulen fekk eg høyra frå dei litt eldre elevane um den fæle nynorsken dei laut slita med, so andre halvåret i niande (ikkje fyrr, altso) byrja nynorskupplæringi mi, som eg hadde blanda kjenslor for. På eine sida vart eg glad i tungemål etter eg byrja læra franskt, og ville gjerne læra eit nytt mål (eg tok litt italienskupplæring same året), men etter at me hadde gjenge gjenom skilnaden på han- og hokynsbøygjingar og valfrie former (mest same læra me vart ferduge med i åttande, berre på eit anna mål) ørtan gonger, kvarv heile gneisten. Eg fekk det til, altso (eg sat og retta for vìnen min på prøvane, då me i røyndi skulde lesa tekstane for kvarandre og betra innhald), men det var keisamt. Det gilde var at me fekk skriva fleire tekstar.

Læraren min var sers god, og det er eg glad for. All den puggingi hadde vore endå verre med ein låk lærar. Eg gjekk gjenom tiande med eit surt syn på nynorsken (men det kunde vore verre), og freista skyna nett kvi me laut læra å skriva dette målet som ingen millom oss nytta.

På framhaldsskulen («vidaregangande skule») var ein stor lùt av klassen frå (det som var, og i røyndi framleîs er) nynorskheradet Bjerkreim. Tri av folki skreiv nynorsk, og i naturfagsgangen var me so helduge å få lærerike plakatar på nynorsk. Det var då eg skyna kor lett det var å lesa nynorsk. So «naturlegt». Me fekk Synnøve på vitjing, og eg byta hovudmål stutt etter. Til våren att, fekk Eirik med seg Eirik «Gnumas» Magnus, Truls, meg og ein til, som eg ikkje hugsar namnet på … korsom er, so skipa me Dalane Målungdom.

I byrjingi skreiv eg so nært talemålet mitt som råd, eg skreiv jamvel «bli» og «ganga» i same teksten! Etter kvart fann eg ut kva som var «konservative» og «radikale» former gjenom å lesa norrønt (tilrådd). Eg totte dei eldre formene høvde best for talemålet mitt, og so lika eg dei norrøne ordi. På sumarlægret åt NMU eitt år attende tala eg med både Michaël og Sergej. Dei lærte meg litt korleîs ein skriv høgnorsk, og so las eg meir på Mållekken. Etter kvart hev eg møtt fleire høgnorskingar, til dømes Odin, Jarle og Kristin.  Eg elskar høgnorsk. 🙂

Eg las um dei fyrste Landsmaal-prøvane hans Ivar Aasen, og skreiv det i nokre dagar. Berre Maal-Folk skynade kvat eg skreiv. ;p So eg kunde ikkje halda fram. So no skriv eg høgnorsk, kannhenda med nokre småe tillempingar.

Teiknsetjing:

Eg er litt uviss på kva som i røyndi er rett teiknsetjing, men eg nyttar teikni slik:

  • … – denne hev eg stødt millomrom fyre og bak, utanum når det er det fyrste elder siste eg skriv (au i klombrer).
  • – – denne nyttar eg kannhenda litt mykje, men mest avdi eg er rædd for at eg nyttar for mange komma.
  • , – yndlingsteiknet mitt. Eg nyttar det på ymse stader ein vanlegvis ikkje gjer det; til dømes: «Eg likar bananar, eple, og pæror». Altso, ikkje: «Eg likar bananar, eple og pæror». Eg likar trass alt eple og pæror kvar for seg, dei tarv kje blandast.
  • . – nyttar eg til slutt i flestalle setningane mine, men au for å pausa og «hakka upp» noko som kunde vore éi setning.
  • » – Nyttar eg mest for å vera sarkastisk, men au for å skilja noko frå resten av teksten, som desse dømi; til dømes: «Forlagi er «flinke» til å trykkja lærebøker på norskt».
  • ( … ) – Desse nyttar eg for å leggja til ting som kannhenda inkje hev med saki å gjera, elder ei liti tilleggsupplysing.

Einskildord:

Eg nyttar ymse ord som sume stussar på:

  • kje – samantrekkjing av ikkje/inkje.
  • inkje – «ikkje noko».
  • muna – skulla/kunna henda.
  • måtta – få løyve til.
  • ljota – vera nøydd til

No vonar eg de fekk eitkvart or dette! 🙂

Kommenter innlegget

Eg syg i rekning …

… men med denne tenesta mun eg kannhenda auka kunna mi. Når eg slit med «Matematikk R1/R2», er det mest avdi eg sjeldan hugsar korleîs alt skal reknast ut og slikt meir enn ei liti stund utan å arbeida med det. Det gjer det vandt å koma i gang med leksone når eg kjem heim, men med Mathway mun eg koma kjapt i gang att ved å køyra eit døme, få det løyst steg for steg. Eg kann au nytta det til å sjå kvi eg ikkje fær same svaret som fasiten. Det mun verta gildt.

Comments (4)

Braudskivor for fyrste gong på éin månad!

I dag åt eg braudskivor med honning på til frukost. Det var godt, men eg ætla i røyndi frukt, kjende eg. Det var uvant å eta braud.

Eg undrar på um eg mun verta sjuk no når eg er vanleg veggis att?

I kveld vert det frukostbraud med ost. Nam! 😀

Til middag hadde me havregraut. Han var god, men kannhenda hadde han vore betre med sukker på – eg vart litt småkvalm av tanken på noko so søtt til middag.

Eg hev sett fyre meg å berre drikka vatn og most frukt, men kannhenda eg au skal løyva meg eit glas mjølk stumdom? Eg ætlar sjeldan mjølk, men trur eg skal taka meg litt um eg kjenner for det.

Eg gjekk yver til å eta snop berre på laurdagar for nokre månader sidan, og samstundes gjorde eg berre is, myrk sjokolade, og kakor til løyvde søtsaker, men kalla berre sjokoladen snop. Eg tenkjer ganga yver til å eta det snopet eg ætlar, men berre på laurdagar, og då i vituge mengder. Kannhenda skal eg au lata serskilde høve som fødedagar og slikt gjelda som laurdagar.

No nyss vart eg agnostikarateist. Eg trur altso offisielt ikkje på ein gud (elder fleire). I røyndi er eg vel ateist, men avdi eg innrømer at eg ikkje evlar prova at der ikkje finst ein gud (men kven kann vel prova slikt?), må eg vel kallast agnostikar.

Hav ein fin slutt på ferien. Talast.

Comments (5)

Planar frametter

Innspìlet på fyrre innlegget mitt fekk meg til å tenkja. Det same gjorde denne artikkelen. Eg tenkjer mykje eldes, men no kom eg altso på noko lurt. For det fyrste lyt eg taka meg tid til å laga ei yversikteleg sida med lenker til alle freistnadane og fyretaki mine. For det andre lyt eg draga lærdom or artikkelen, elder rettare, denne setningi: «If I could go back [til træningi byrja] I would reverse the order entirely: I’d put sleep habits as priority one, followed by diet, and with exercise coming in third.» Skynar du det ikkje, lyt du fylgja med i engelsktimane på skulen.

Kva det tyder for meg, er at eg skal (1) få orden på svevnen min 😉 , (2) få orden på matvanone mine (vegetarianar elder veganar? Hmmm …), og (3) byrja træna att. Eg slutta træningi fyre sumaren og mangfasefreistnaden, men tok hana aldri upp att … på ein måte. Livskvaliteten mun auka um eg fær til alle tri, reknar eg med.

Vande: (1) Sofaen betre enn sengi => eg søv i sofaen … men: eg legg meg helst i ti-tidi, og dei andre gjer ikkje. (2) Eg kann lite um kosthald. (3) Eg er lat, og veit lite um træning.

Løysingar: (1) Få dei andre til å leggja seg tidlegare/taka sengi trass alt um dei ikkje legg seg. Andre: mangfasesvevn/tvifasesvevn! 😀 (2) Eg hev NurtritionData.com og Google! 😀 (3) Det betrar seg nog når eg kjem i gang med dei tvo hine, elder tvinger meg gjenom denne ei stund. Eg hev ei gymbok, og Google/Wikipedia. Eg hev trænt fyrr, og kann gjera det um att.

Vert trøytt snart … God nott!

Comments (6)

Older Posts »