Kva parti er best?

Kann einkvan gjeva meg nokre gode argument for og mot Miljøpartiet Dei Grøne og SV? Eg trur eg byrjar helda mot MDG, men, ja?

Advertisements

10 kommentarar »

  1. Vel, skal du vera pragmatisk so er MDG eit roteparti; dei er ueinige og fraksjonerer som småparti mest. Eg hev meld meg ut or SV då, skulle eigentleg inn i MDG. Men no er ikkje Mats Indrefjord Høllesli leiar lengre, so eg dreit i det. Dei kasta visst ut Mats, han var for pagmatisk og løysingsviljug. Det er ein mann eg vil stemma på.

  2. medvitssvevn said

    Haha, du veit at du segjer «pragmatisk» heile tidi? :p
    Men jau, det høyrest ikkje ryddugt ut … Eg veit ikkje eg …

  3. Kristine said

    Ingen av dei, Senterpartiet er tingen. Kvifor? Fordi SP har ein fantastisk målpolitikk (som Jens meinte på han blei rørt av på sumarleiren i fjor), dei er løysningsorienterte, SP har òg dessutan utan tvil den beste distriktspolitikken.

    Ok. Så var eg kanskje ikkje heilt nøytral, men det er jo sant.

  4. Eirik said

    miljøpartiet!

  5. medvitssvevn said

    Kristine: Men kva er gale med dei tvo eg nemnde, då?
    Eirik: Vel, kann so vera, men kvi?

  6. Kristine said

    SV er for kranglete. Dersom dei ikkje kan verta samde på innsida, korleis kan dei då verta samde på utsida?

    MDG har ein litt svevande politikk, og kunne trengt seg ein finger i jorda, trur eg. Men ellers er dei jo fryktelig søte.

    Når det var sagt, så er det ikkje dei verste partia, snarare tvert imot. Det er berre det at det er Senterpartiet som har den verkeleg gode politikken. Og dei beste stabbura (eg blir aldri lei av den vitsen. Sorry SP)

  7. medvitssvevn said

    Det er jo i røyndi SU eg er med i, då (avdi Eirik svara medlemspengar, i utgangspunktet :p). Eg veit ikkje heilt um der er ein stor skilnad på SV og SU.

    Men MDG hev vel ikkje ein serskild svevande politikk? Dei hev i alle høve eit lett tilgjengelegt partiprogram som eg kann sjå på – eg finn ikkje det hjå SP.

  8. Kristine said

    Vel, SU er sinte, kranglete og til ei kvar tid ute etter å ta moderpartiet sitt. Noko som, etter mitt hovud er å skyta seg sjølv i foten.

    Og eg ser på MDG sin politikk som noko svevande og urealistisk for «folk flest» . (Og eg hatar at FrP har øydelagt det uttrykket). Og eg vil våga å påstå at det må ha vore ei noko halvhjarta leiting etter programmet til SP, dersom du ikkje fann det. Ein går inn på heimesida deira, som er http://www.senterpartiet.no deretter trykker ein på politikk i venstre marg, og der står det «program 05-09». Idiotsikkert^^

  9. medvitssvevn said

    Takk skal du hava. 🙂 Det sér ikkje verst ut, lyt eg segja. Eg hev inkje imot korkje SV, MDG, elder SP i utgangspunktet, men eg trur ikkje eg idest vera med i nokon som helst organisasjon for eit serskildt parti, ikkje med pengar frå eiga lomma, då. Um Eirik svarar for meg, kann eg godt vera med i SU. Det er i røyndi ikkje so viktugt for meg.

  10. Kristine said

    Eg skjønar i grunn kva du meiner. Har heller ikkje noko imot nokon av dei partia du nemner. Men det er Senterpartiet som har den politikken som er viktigast for meg.

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: