Tvifreistnaden: tridje døgret

Ja, eg heldt på å gløyma uppdateringi. 😮

Sovingi gjeng greidt, trur eg … alarmen gjeng av når han skal, og eg evlar hava på ljoden. Jamvel tek det ei stund frå eg vaknar til eg hugsar noko som helst. Eg vaknar sopass at eg fær høgreklikka på alarmikonet og trykka på «Silence», men etteråt veit eg ikkje – kannhenda søv eg gjenom alarmen, men eg veit ikkje heilt … Eg skal setja på ulike alarmar for kvart gong. Mamma er sur på freistnaden, yvertydd um at eg kjem til å verta sjuk i hovudet. Segjer ho slike ting éin gong til, lyt eg stikka til pappa, tenkjer eg.

Etingi gjeng au … men i går kveld laga eg noko med ein so vond ettersmak at eg heldt på å spy. I dag laga eg den vanlege, men med ein banan meir enn vanlegt; det likna på mjølk/fløyte. Nytta det som dypp for gulrøter, og som drykk. Eg er småsvolten heile tidi no, og det er keisamt å laga mat, men det er betre enn um eg skulde eta kokt elder steikt. Eg skal finna nokre lette, gode uppskrifter på Netet.

Advertisements

2 kommentarar »

  1. Fyr innpå med bananar, mango (verkeleg, eg åt mykje av), bær osb.

    *Du skal ikkje vera svolten i det heile teke!*. Du må eta nok. Seleri er godt knask, gulrøtter òg. Ha druor klart, slik at du kann hiva nedpå litt slik at du fær tiltakslyst til å laga noko meir mat til. Eg laga få uppskriftor; eg åt for det meste rein frukt. Ah, og appelsinor åt eg mykje av. Fleire kilo kaupte eg i gongen 😉

    Eg tenkjer meg du et litt lite. Hugs at du skal eta mykje, mykje meir enn normalt.

  2. medvitssvevn said

    Banan et eg ein del av. Mango tek so lang tid å skrelda … 😦 Eg plar hava gulrøter til middags. Appelsin kunde eg ete meir av, eg et meir kiwi, og tomat.

    Men det hev eg gjort gale, at eg ikkje hev ete so mykje meir enn fyrr.

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: