Mangfasefreistnad, fruktfreistnad, og Dvorak-tastatur

Eg byrja nett mangfasefreistnaden. Sov litt tidlegare, menmen. Eg byrjar no. Denne gongen tek eg tvo freistnader samtidugt. Eg byrjar på ein råfødediett, det vil segja at eg berre skal eta rå frukt og grønsaker. Dette hev eg stor tru på, etter å hava tala med tri stykker som hev freista det. og lese um tvo til. Rå føde er etter alt å døma det sunnaste som finst; ein tarv mindre svevn, og hev meir energi etter ei tid på ein slik diett. Eg valde ikkje å rekna ut næringsstoff og slikt, mest avdi dei beste utfalli eg hev lese/høyrd um var dei som berre åt til dei «etla» mat som inneheldt det dei turvte. Det er ei evna som i fem av fem høve uppstod som fylgja av denne dietten.

Eldes hev eg byta til Dvorak-tastatur, som eg hev gode røynslor med frå eg nytta PCLinuxOS. Eg sakna det stundom, ogso var det berre litt søkjing som skulde til. 🙂 Dvorak-tastaturet skal gjera det betre å skriva utan at det byrjar gjera vondt, og det er lettare å skriva med éi hand med Dvorak. Nett no skriv eg berre litt seinare enn på QWERTY-tastaturet (som er laga for å gjera skrivingi tung og vandskeleg).

Eg sov forresten siste notti på ei stund i går, hjå Odin og lyden hans. Dei var koselege, og eg fekk mat og greidor. Eg fekk au mest granska målføret hennar Unni, mor hans Odin. Eg lyt nemna nokre sermerke;

  • kløyvd nemneform
  • i-mål
  • ø-ljod på mange stader der norrønt hev stutt å-ljod (o med kvist)
  • u-ljod der me skriv u; t. d. um, upp
  • i-ending i bunde inkjekyn mangtal
  • ganga-gjeng, standa-stend ❤

Rett og slett eit herleg målføre! ❤

Advertisements

2 kommentarar »

  1. Vel, det er slett ikkje enklare å skriva med ei hand med Dvorak. Det er vandskelegare. Det er enklare å skriva med TVO hender. Det er laga spesielt for at du skal kunna bruka annan kvar hand.

    Sit eg med ei hand og et, plar eg slå yver til Qwerty. Då skriv eg snøggare.

    Elles veldig moro å få sermerke frå mor mi sitt målføre upp på verdsveven. Eg hev jo verkeleg ikkje peiling på korleis ho talar; eg hev ikkje innfløkt kjennskap til språk. 🙂 Men no hev eg jo noko å visa til 😉

  2. medvitssvevn said

    Eg tykkjer no det gjeng snøggare, elder jamsnøgt, med Dvorak. Skriv eg med ei hand på QWERTY, kjennest tastane lengre frå kvarandre … utanum når eg skriv nett «QWERTY».

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: