Mangfasefreistnaden: sjuande døgret

Hm. Notti gjekk heilt strålande – Joar gjekk kje til sengs fyre fem. Eg veit ikkje um det er eit framsteg, men no er det åtta-tidi som er verst å vera vaken i. Eg hugsar ikkje so mykje derifrå, sat og såg South Park, som sannsynlegvis hjelpte med å gjera meg trøyttare, men samstundes fekk tidi til å ganga. Eg tenkjer freista evla dei næste nettene med å tenkja at eg hev gjort det éin gong, og dimed kann gjera det um att.

C-vitamin er visst fine greidor for å halda seg vaken, so eg skal drikkja appelsinjuice i nott. Eg byrjar no au å træna upp evnone til å somna på ymse stader, og med ljod kring meg. No søv eg i sofaen på notti og sengi på dagen. Eg skal freista golvet etter kvart. Heilt ålvorlegt. Den dagen/notti eg evlar somna til teknomusikken hans Joar, skal eg feira.

Når eg søv no, trur eg ikkje eg når REM kvar gong, men ei og onnor trur eg i røyndi eg fær. Når eg vaknar, kjenner eg det ofte som eg ikkje hev sove, og støkk når eg sér klokka. 😛 Vonar eg byrjar drøyma dei stutte lurane mine. Då skal eg byrja tenkja på korleîs eg skal teda meg um det gjeng. På sumarlægret, til dømes. Eg kann jo sova på båtferdi trur eg, og pressa inn lurar yveralt … Men det sér eg på seinare.

Det vert fint å kunda nytta notti til noko nyttugt etter kvart, framfyre ting som berre held meg vaken. Ofte når folk sér meg sitja uppe midt millom svevn og vake, freistar dei få meg frå freistnaden ved å spyrja: «Kvi vil du sitja uppe slik kvar nott?» Det er jo ikkje slik det verkar; kvi skulde eg eldes kalla dette ein «tilmåtingsfase»? 😉

Advertisements

2 kommentarar »

  1. Trur du lyt prøva gjera noko aktivt i den verste fasen, altso når du kjenner du treng svevn mest. Å sitja å eta/sjå på filmar gjer det enkelt å sovna.

    Same kva, no hadde du ei god nott. Klarar du tvo til so er du god! Eg klarte altso aldri det, ikkje tri neter på rad. 🙂

  2. medvitssvevn said

    Ja, eg veit det, men eg kjem ikkje på noko aktivt eg kann gjera (set burt frå å ganga ikring) som ikkje krev at eg er litt vaken. Korsom er, alt er nog betre enn å sitja still. Fyrre mangfasefreistnaden gjekk eg ei mil i lag med Joar, so kannhenda er det ein greid ting å gjera …

RSS feed for comments on this post · TrackBack URI

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

%d bloggarar likar dette: