Archive for juni, 2008

Kven tarv vekkerklokkor?

Vekkerklokkor rimer med svevnfreistnad (ikkje bokstavlegt :P). I alle høve um notti. På dagtid hev eg berre nytta alarmen til å segja ifrå når eg laut leggja meg til å sova; eg vakna av meg sjølv etter kring eit godt kvarter. Mamma hev no sagt ifrå um at ho ikkje likar svevnfreistnaden min. Det er vel sette gongen no. Ho meiner eg vert sjuk av det avdi eg fekk halsbrune sist. Eg spyrr framleîs kvar gong um eg hev sove; og etter siste luren var eg heilt viss på at eg ikkje hadde sove, men då hadde eg nærast snorka. Det minner um det pappa gjer, at han somner kvar helst han ligg, snorkar litt, og vaknar.

Advertisements

Kommenter innlegget

Mangfasefreistnaden: sjuande døgret

Hm. Notti gjekk heilt strålande – Joar gjekk kje til sengs fyre fem. Eg veit ikkje um det er eit framsteg, men no er det åtta-tidi som er verst å vera vaken i. Eg hugsar ikkje so mykje derifrå, sat og såg South Park, som sannsynlegvis hjelpte med å gjera meg trøyttare, men samstundes fekk tidi til å ganga. Eg tenkjer freista evla dei næste nettene med å tenkja at eg hev gjort det éin gong, og dimed kann gjera det um att.

C-vitamin er visst fine greidor for å halda seg vaken, so eg skal drikkja appelsinjuice i nott. Eg byrjar no au å træna upp evnone til å somna på ymse stader, og med ljod kring meg. No søv eg i sofaen på notti og sengi på dagen. Eg skal freista golvet etter kvart. Heilt ålvorlegt. Den dagen/notti eg evlar somna til teknomusikken hans Joar, skal eg feira.

Når eg søv no, trur eg ikkje eg når REM kvar gong, men ei og onnor trur eg i røyndi eg fær. Når eg vaknar, kjenner eg det ofte som eg ikkje hev sove, og støkk når eg sér klokka. 😛 Vonar eg byrjar drøyma dei stutte lurane mine. Då skal eg byrja tenkja på korleîs eg skal teda meg um det gjeng. På sumarlægret, til dømes. Eg kann jo sova på båtferdi trur eg, og pressa inn lurar yveralt … Men det sér eg på seinare.

Det vert fint å kunda nytta notti til noko nyttugt etter kvart, framfyre ting som berre held meg vaken. Ofte når folk sér meg sitja uppe midt millom svevn og vake, freistar dei få meg frå freistnaden ved å spyrja: «Kvi vil du sitja uppe slik kvar nott?» Det er jo ikkje slik det verkar; kvi skulde eg eldes kalla dette ein «tilmåtingsfase»? 😉

Comments (2)

Fyrebuing til notti

Javel. Denne notti skal alt ganga som det skal. Eg hev sete Wake Up! Pro til å byrja ringja beint yver tolv, so trykkjer eg millomromstasten for at han skal ringja att um eitt minutt, og attertek det heile notti, set burt frå når eg skal sova, då.

Eg skal ikkje eta Yoghurt i nott avdi ein vert trøyttare av å få i seg mjølk. Kannhenda tek eg tanken litt langt, men betre fyre var.

Joar skal standa upp kvar fjorde time og vekka meg, på den måten skal det verta lettare å halda seg vaken, trur eg.

Comments (2)

Mangfasefreistnaden: sette døgret

Eg vart skamtrøytt i nott, heilt grusamt. Eg gjekk ut på Haua ein tur, det klårna tankane mine.

Etter fira trur eg ikkje eg vakna då eg skulde. Eg hugsar inkje fyrr kring nie, då mamma sagde eg laut leggja meg. Zombie-meg gjekk inn på romet, men so vakna eg, og kom ut att. Eg kjenner det som ho freistar sabotera freistnaden min …

Eg lasta ned eit program som heiter Wake Up! Pro. Vonar det skal gjera det lettare å pressa seg gjenom den verste tidi. Eg vil so gjerne evla mangfasesvevn!

Comments (2)

Sov eg?

Eg legg meg sjølvsagt kvar fjorde time, men tri gonger no veit eg ikkje um eg hev sove. Eg ligg ei stund, og so lèt eg att augo, og finn ut at eg skal sjå på klokka. Ho er umlag ti-kvart på. Eg kjenner meg ikkje trøytt, so eg stend upp avdi eg ikkje fær sova dei siste minutti korsom er. Men når mamma spyrr um eg sov, veit eg ikkje. Løygje.

Kommenter innlegget

Er eg den einaste eg kann lita på?

Eg kann visst ikkje lita på folk kring meg. Joar gav seg att nett no, i halv fem-tidi. Det tyder at han hev hoppa på og av tvo gonger på fem dagar. Vingleper. No som eg driv og er sur på honom, skal eg nemna at han for eit par dagar sidan byrja ein vassfreistnad. Det tok kje lange tidi fyrr han gav det upp; han evlar visst ikkje lìva utan brus. Desse freistnadene hans hev meir sams enn berre lengdi – han var heilt viss på at han kom til å evla deim, men neidå …

So no lyt eg gjera det åleine. Som fyrr. Nett no er eg ikkje so trøytt at det gjer noko, og eg er ikkje viss på um eg sov sist leggjetid. Eg sov nog, for det gjekk snøgt, men samstundes verkar det løygje at eg skulde vakna fyre eg laut …

Eg hev forresten stuttare sovetid no, etter di tjuge minutt er målet, reknar eg mindre sovetid på notti. På dagen veit eg ikkje heilt enno, for etter ulukkone dei andre nettene, er det lenge sidan eg sov på dagen no. Eg reknar framleîs ein halv time på lurane etter middag, fyre midnott.

Eg fekk nett ein tanke … sidan eg vert sur av at Joar ikkje held ord, kann eg jo nytta det for at eg skal klara det. Innsteldingi er viktug, veit eg.

No hev me forresten alle figurane på Brawl – eg tok Wolf kring tolv.

Kommenter innlegget

Mangfasefreistnaden: femte døgret

Eg sov gjenom songen som kann driva meg til vanvit klokka fira, so mamma vakna, stod upp, og vekka meg. Eg hugsar det mest ikkje, so skoddut var hovudet mitt. Eg trur ikkje det var so lurt å sova på sofaen med dyna og puta – eg skulde jo sitja i same sofaen etteråt.

Brawl evla kje halda meg vaken heile notti, og eg var ved å duppa av, jamvel når eg slest i høg fart. (Vil du hava venskapskoden min, send netpost.)

I tolv-tidi stelde eg klokka gale, og Didrik vekka meg halv tvo. Det er visst lurare å setja datamaskini til å ringja – ho lagar høgare ljod.

Her er nokre gode nyhende méd: Joar hev no byrja freistnaden att, so no skal eg verta av med det største trugsmålet, som er at eg ikkje vaknar når eg skal. Vonleg somnar eg ikkje helder, det hev vorte eit større vande etter kvart, diverre.

Eg trur eg vil freista sova med klædi på i nott, so eg ikkje legg meg for godt til rette.

Kommenter innlegget

Older Posts »