Mangegongssvevn for femte gong

No byrja eg den femte mangegongssvevnen min. Denne gongen er eg fyrebudd: eg kjem ikkje til å somna når eg ikkje skal. Frå og med andre notti er sofa’en bannlyst umråde. Skal eg sitja, er berre golvet lovlegt. Eg tenkjer laga enkel mat som ris på notti, so snart me fær kaupt baunor.

Her er måten eg skal evla dette på:

  • Fyrst hev eg vore uppe heile notti heile den siste vìka, so det skal verta lettare gjenom notti.
  • I nott skal eg ikkje gjera noko serskild. Fyrste notti er greid.
  • Andre notti skal eg ganga ut med det same eg vert trøytt. Når eg er mindre trøytt, skal eg ganga inn att, og standa elder sitja på kne ved datamachini, elder eitkvart. Ettersom eg nyttar Linux no, skal eg nytta denne command’en (teken frå Odin): sleep 3m && vlc “Valhall_Awaits_Me.mp3″. Denne skal eg setja på um att og um att (men kannhenda med ymsande .mp3′ar), slik at eg kvart tridje minutt kann verta vekka av drithøg viking-metal.
  • Tridje notti vert lik andre, berre verre. Um inkje anna, lyt eg ganga ei mil til pappa. Der bur mest ingen, so eg kann laga ljod for å halda meg vaken (slå jarnstenger mot fe-ristene osb.). På nettene hev eg tenkt å sova på eit teppe på golvet når eg kjenner naud til dess.
  • Fjorde notti vert nog verst. Då kann eg jo fara nedåt bekken og dyppa hovudet i iskaldt vatn um so skal til. Elles kann eg binda fast ein pinne til handi og halda honom yver eit straumgjerde. Søkk armen, vaknar eg.
  • Femte notti skal det byrja ganga betre. Eg skal halda fram med tryggleikstiltak; som å hava ein tallerken på golvet, og ei skjeid i handi. Når skjeidi fell, lagar ho mykje bråk.

Det er kva eg hev tenkt. Innspìl, påfunn?

No driv eg sokalla “touch typing” på Dvorak-tastaturet. :D

Kommenter innlegget

Kann ein skapa verd på god norsk?

Eg svarar meg sjølv: ja, sjølvsagt.

Ein annan ting er å bringa verdet til folk som vil taka imot … Eg veit av røynsla at mange sér ned på nynorsken, og det gjer meg leid. Endå verre er det når jamvel sume nynorskingar ikkje eingong idest freista lesa høgnorsk (elder høgnorsknær “ordbokarnynorsk”). Eg skal ikkje nemna namn, men eg veit av høve der folk hev neitta lesa noko berre av di der stend “opprit” e.l.

So … det er råd å lìva med å selja nynorsk is. Hadde det vore vanskelegare med høgnorsk is? Kannhenda ikkje. Tek ein fyre seg bøker, kann det stelda seg annleîs.

Eg lurer på: kann ein lìva med å skriva høgnorsk i alle høve? Då tenkjer eg ikkje på lærarar og andre som ikkje må gjera det, men fyrst og fremst på sjølvstendugt næringardrivande.

Hev nokon innspìl til dette?

kommentarar (6)

Råføde og landstjornarsæte.

I den siste tidi hev eg tenkt serskildt på desse tvo tingi.

Rå mat byrjar eg med fyrste januar, ettersom det vert lett å rekna frå. Eg skal halda på i minst ein månad, men yverordna mål er å gjera skiftet varugt. Eg kjem til å freista ikkje sjå på når andre et noko dei tvo fyrste vìkone. Denne gongen skal eg nytta blandaren meir enn fyrr, og ikkje minst eta meir grøntfôr. Eg tenkjer eta ein avocado til dagen, elder neter, um eg fær hug til det. Sannsynlegvis vert det største vandemålet folk som byrjar spyrja um teite ting, som “kvar fær du protein frå?”, og dei som segjer “jamen, tenk kor mykje du gjeng glipp av!”, men eg lyt freista ganga undan slike folk.

Til våren er det landsmøte i NMU, og sovidt eg skynar, er eg på val i 2009. Jamvel um eg likar både NMU og landsstjorni, kjem eg mest sannsynlegt til å segja frå meg sætet. Det er berre ikkje sameinlegt med sjølvutviklingartingi eg driv med. Når eg ikkje sit i stjorni, hev eg lengre tid millom kvar tilskiping til å gjera freistnader og koma meg att fyre næste gong.

kommentarar (4)

30-dagarsprøva – frelse brukende

Heilt frå eg høyrde um Linux fyrste gong, hev eg ynskt å freista det. Eg gjorde franskleksone åt ein i klassen mot at han brann tvo plator åt meg: Ubuntu (Gutsy Gibbon på den tidi) og PCLinuxOS 2007. Då me sette i Ubuntu-plata, tok det ikkje lang tid fyrr eitkvart klikka (men det verka då eg freista seinare), so fyrste Linux’en eg freista skikkeleg, var PCLinuxOS 2007, og det er eg glad for; der var ein sers god rettleidar som fylgde med, og som eg lærte mykje av. Etter at eg hadde leika med PCLOS ei stund, installerte eg Ubuntu, som då var lettare, ettersom eg hadde lært litt um partitionar frå rettleidaren i PCLOS. Eg lika utsjånaden i Ubuntu betre, men avdi eg på den tidi ikkje hadde trådlaust netverkskort i det heile, og dimed laut finna meg i å nytta eit USB-kort i staden. PCLOS tok det utan vande, men det gjorde ikkje Ubuntu. So då enda eg upp med å køyra PCLOS og Windows heilt til eg fekk ei ny machine.

På den nye machini mi (som eg kalla “Kamma” då Ubuntu spurde meg um namn) freista eg få netverkskortet (eg lærte av Odin at Broadcom-kortet mitt er noko skit) til å verka, men fekk det ikkje til. I går installerte eg Ubuntu Intrepid Ibex, som Odin sagde munde hava betre studnad. Det hadde det. No hev eg trådlaust net i Ubuntu, og dimed kann eg nytta machini mi nett som fyrr, jamvel i Ubuntu.

Då byrjar eg ein månad der eg berre skal køyra frelse brukende, og ikkje starta Windows i det heile. Den einaste skilnaden eg kjem på no, er at eg lyt spela andre spel i Ubuntu. Elles kann eg nytta netet, skrivebrukende, og alt slikt nett som fyrr. Dette skal nog verta lettaste 30-dagarsprøva evah, lzzm. :)

Eg er på fira minutt på solskodingi, men grunna vêret, veit eg ikkje kva tid eg fær heldt fram.

kommentarar (5)

Eigarskap

Eg kom til å tenkja på dette med å eiga ting. Korleîs skaffar ein seg retten på noko? Kann ein eiga ein stein, eit tre, ein medskapnad? Sjølv meiner eg at ein kann gjera alt ein vil, so lenge det ikkje gjeng ut yver retten andre hev til det same. Gjeng det ut yver denne retten, lyt ein hava semja millom dei det gjeld.

Eg meiner ein skal ganga undan eigarskap. I alle høve meir enn me gjer i dag. Dyr kann ikkje eigast, ettersom det tek frå deim retten til å råda seg sjølve. Dette gjeld alle dyr – eg skil ikkje millom livsretten åt maur, menneske, måsor, bjørn, hest, elder noko anna dyr. Eg trur i røyndi dette er “upprørske” tankar, men tenkjer ein seg inn i staden åt ein annan, til dømes ein gris som skal slaktast, lyt ein då sjå kor gale det er at ein art skal råda yver ein annan. På engelskt heiter slikt speciesism. Eg likar å kalla det artsisme.

Når det gjeld å eiga stein/”daude” ting og tre, kann ikkje dei råda seg sjølve som dyr, men tre og andre vokstrar er jamvel lìvande, og me lyt drepa deim i so liti mun som råd, for ikkje å nemna at dei reinsar mykje av lufti me ureinar. “Daude” ting meiner eg kann eigast um ein hev eit serskildt tilhøve til tingen, og so lenge det ikkje trør på retten andre hev til å råda seg sjølve. Ein kann i utgangspunktet ikkje neitta andre å fara til elder busetja seg på ein stad avdi du “eig” den staden, men alle hev au rett til å kunna vera litt for seg sjølve, so ein må hava ein stad å bu, men som er av vitug storleik og qualitet. Der kann ein krevja å vera for seg sjølv. Privet-liv er viktugt.

Denne “lovi” gjeld i røyndi berre menneske, avdi andre dyr hev eigne, naturlege lover. Jamvel lyt menneski respectera desse rettane hjå andre dyr au, og samstundes tryggja seg på ein fredeleg måte mot at privet-livsretten vert broten. Viktugast av alt er at me lìver fredelegt saman i eit berekraftugt samfunn der alle kann utfolda seg. Det er det som gjer at eg hev stor tru på Miljøpartiet Dei Grøne, men denne posten er ikkje meint som politique-propaganda.

I morgon skal eg på landsstjornsmøte i NMU. :) Mettā!

Kommenter innlegget

Medvitsdrøyming andre gong

Sist eg sagde eg skulde freista medvitsdrøyma, fekk eg det ikkje til. Denne gongen hev eg eit godt hugbilæte:

  • Røyndomsprøva kvar gong eg vaknar (tvo gonger i døgret)
  • Røyndomsprøva kvar gong eg høyrer ordi “Miljøpartiet Dei Grøne”, “Norsk Målungdom”, elder “Ivar Aasen”.
  • Freista på WILD kvar nott.

Hugs å melda dykk inn i Miljøpartiet Dei Grøne! Spreid bodskapen!

Kommenter innlegget

Svar på namnebrigdet!

No hev eg fenge svar på meldingi um namnebrigdet. Dei hadde visst vande med serteikni mine, og ikkje berre þ og ð; dei hadde ei lista yver seks – 6 – teikn eg skynar dei kann trykka på so dei kjem fram, so dei lyt hava havt vande med jamvel í og ó.

Som den greide buddhisten eg er, sende eg eit netbrev åt deim der eg klårgjorde korleîs ein skriv teikni. Vonar berre det var det som var i vegen, og ikkje at brukendet deira hadde vande med å lagra det.

Kommenter innlegget

Ej pǫost inn iŋliš – bikås ai kæn. (friviljug lesnad :p)

Tudéj aj fíl laik raiting in iŋliš. Ðiss iss nǫtt bikås aj hævv nǫþiŋ innterresstiŋ tu šér, ðøu. Aj dšøsst fíl ðæt itt’d bí kóul tu traj øut mai ǫrðøugræffikk ouéj ǫff raitiŋ inn ej ríl text.

Æss ju maijt nøu, aj lǫvv Canada, mejnlij bikås ǫff itts bjútifull flæg ænd ænþemm. Aj hæppnd tu fajnd ða besst vøršns evvø ǫff O Canada baj sørtšing Youtube. Itt stárts ætt 0:42.

Æss ouell, aj fajnd ðís sǫŋs abøut Sarah Palin tu bí kouait júmǫrøus tu lissenn tu.

kommentarar (5)

Ein ny freistnad! (uppdatért)

Ein ny liten freistnad byrjar (ǫffissiellt) i morgon. Eg tenkjer halda det gangande i ei-tvo vìkor og sjå korleîs det er å skriva framandord so ljodrett (orrtofónt) som råd. Her på sida hev eg fenge nokre fåe innspel frå folk som ikkje lika måten eg skreiv framandord på tidlegare, so no fekk eg hug til å freista dette. Det vert litt likt slik eg skreiv talemål fyre eg byrja med nynorsk.

  • lange sjølvljodar vert merkte med akksã égý (til dømes á, é, í osb)
  • nasálar vert merkte med tilde (til dømes ã, men det er berre når eg tek ordi beint frå fransk)
  • lange medljodar er allstødt dǫbble (til dømes kk, bb, tt osb)
  • lang å-ljod = å
  • stutt å-ljod = ǫ (brigda: ò => ǫ)
  • lespeljod (th på engelskt; z, c (fyre i og e) på spanskt) = þ
  • stungen d = ð
  • engelsk sh-ljod = š (engelsk/spansk ch-ljod = tš)
  • fransk stemt j = ž
  • ng-ljod = ŋ (ny!)
  • ks-ljod = x (ny!)

Kannhenda eg hev gløymt eitkvart, men då uppdaterer eg. Dette gjeld ikkje sernamn!

Mun verta spanande.

kommentarar (3)

Éi setning på éi sida! :o

Eg skreiv sidemål idag, og bokmålet gjer det lett å laga lange setningar. Her er teksten, men eg skal brigda honom litt og dela honom upp i mange setningar, elles likar læraren teksten enno mindre.

Språkrådets avgjørelse

Språkrådet forbeholder seg den rett å ta språkets skjebne i sine egne hender i forbindelse med debatten rundt normeringen av det norske folkespråk; de utnytter det faktum at de kan benytte seg av de metoder som til enhver tid måtte foreligge for å utkonkurrere sine rivalers tilsynelatende mindre viktige opinioner om hva som medfører riktighet i forhold til initiativ å ta, samt handlinger å utføre vedrørende det nynorske språks grammatikk, syntaks, ortografi og vokabular; språket skal nå bearbeides og forenkles ved mindre valgfrihet, noe Norsk Målungdom, Noregs Mållags ungdomsorganisasjon, frykter kan føre til at nynorsken tilnærmes bokmålets vokabular ved at de tradisjonelle, «arkaiske» ordene og skrivemåtene normeres bort til fordel for de bokmålske formene som stadig infiltrerer dialekter over det ganske land, hvilket vil føre til at bokmålets prestisje øker på en slik måte at dets posisjon i dialektene forsterkes, og slik holder det gående – kanskje til alle er fullstendig assimilerte med bokmålet, eller kanskje Oslo-målet; i tilfelle ville kanskje hunkjønnsformene av substantiv vare enda en stund – språkrådet står i alle fall på sitt, og vil ha en enklere normering, hvilket de, med direktør Sylfest Lomheim i spissen, begrunner med at den store valgfrihet nynorsken tilbyr, gjør den tungvint å forholde seg til uten hjelp fra en ordbok, og da spesielt i forhold til bokmålsbrukere som opplever vanskeligheter ved sitt sidemål fra før av, hvilket nok også støttes fra manges, inkludert målfolks, side, men etter min mening er høynorsk, eller høgnorsk, som det i realiteten kalles, hvis grammatikk og bøyninger faktisk er blant de mest logiske og systematiske av noe germansk språk, rivalisert kun av islandsk og, i noe mindre grad, færøysk i moderne tid, hvilket gjør det lettere å lære, samt benytte seg av i dagliglivet, veien å gå; språket innehar dessuten en fast form, dets stavemåte er bestandig, det ivaretar tradisjonsrike ord og uttrykksmåter, og er åpent for nye ord fra det norske vokabular – hva om vi bare hadde undervist våre barn i god høgnorsk, skrevet bøker på språket (utover det som finnes fra før), og innarbeider dette pure måls rikdom i vår kultur, dernest tillegger oss en (høy)islandsk politikk og fjerner alle fremmedord?

kommentarar (2)

« Nyare innlegg · Eldre innlegg »