Jupp, no er eg attan! Kom med fordelane mine! Respect my authority!
Neidå. Men, det er kannhenda fint å vera attan, veit ikkje eg. Aldri vore det fyrr.
- Eg må no taka lappen. (På bil)
- Eg må kaupa røyk, alkohol, og annan drit.
- Eg må skriva under på ting.
- Eg må taka avgjerder sjølv. (Ja, ikkje sant …)
- Eg må røysta ved val.
- Eg må brigda namnet mitt utan å spyrja nokon.
- Eg må kaupa domaine på Netet …
- … og når me er inne på Netet, må eg vitja vaksen-sidor.
- Folk kjem til å tru at eg hev vorte vaksen no …
- … og verta vonbrotne når det er gale.
Eg segjer det berre med ein gong: flestalle av dei punkti eg lista upp yver her, hev eg ingi gleda av. Kva so? Kaupa drit skal eg ikkje. Eg hev då princip. Um mamma so vert sint – eg neittar. Og lappen vil eg kje hava, ikkje no, i alle høve.
Fødedagssong:
Mel: Nordmannen
Tekst: VVB
Millom Bakkar og Berg ut med Havet
heve Víkþórr fenget sin Heim
Der han sjølv heve drive Freistnader,
og tykt godt um Gardsdriftseim.
*klappklapp*
Eg skal freista skriva um korleîs eg hadde det i Oslo snart.