Arkiv for Svevn
februar 17, 2009 kl. 8:42 pm
· Arkivert under Brukende og sånn, Svevn ·Tagga blogg, domaine, driftkostnadene, vvb.no
… er vvb.no no uppteke, so du lyt velja eit anna.
Odin hev gjeve meg rom på tenaren sin, og eg reknar med å vera budd um 1-3 dagar. Tusund takk, Odin!
Eg tenkte lenge på kva mål eg skulde nytta, ettersom eg er so glad i norskt, endå fåe andre likar norsken min, men eg lova Nicholas Powiull å skriva um svevnfreistnaden min på engelskt, so då vert nog heile sida på engelskt, elder mun verta både måli.
Kall meg ein krakk, Pavlina-hermar, elder kva du vil, men eg hev tenkt å freista tena pengar på sida, slik at det dekkjer driftkostnadene. Det beste hadde jo vore å kunna lìva av blogging, som sume andre gjer, men fyrst og fremst er driftkostnadene målet.
Ynsk meg lukka til.
Direktelenkje
januar 18, 2009 kl. 8:40 pm
· Arkivert under Svevn ·Tagga Svevn, vetterferie
Mangegongssvevn vert sumtid kalla «Da Vinci»-svevn av di sume meiner Leonardo da Vinci sov på ei liknande vis. Han som kartlegg «Powiull»-svevnen heiter Nicholas Powiull.
Tingen er at ein «søv» (det er ikkje heilt svevn, men ein gjeng gjenom same greida) ein halv til ein time kvar dag. Det er viktugt å hugsa på at det hev lite å segja kor mykje svevn ein fær til dagen, for livet er tekniskt sét ikkje delt inn i dagar. Fyrst vender ein seg til å nå REM so snøgt som råd, altso gjenom «vanleg» mangegongssvevn, men gjer seg ikkje avhengig av tidi ein søv på. Det kann vera greidt å hava «svevnen» på faste tider, men då berre umlag kvar tolvte time.
Det er visst lurt å sova i ein stol, for um ein legg seg ned, søv ein lengre. Eg skal freista dette i vetterferien. (Bomba. :p)
Direktelenkje
januar 13, 2009 kl. 10:51 pm
· Arkivert under Rå diett, Solskoding, Svevn ·Tagga mangfasesvevn, Rå diett, solarskoding
Eg hev ete rå mat i åtta dagar no. Baunor og ris freistar meg so jævlegt. Kannhenda eg skulde freista å venda meg av kokt mat litt etter litt i staden? Eg kann i alle høve ikkje få tak i baunor fyrr i morgon, so eg er rå framåt halv fira i morgon i minsto.
Rå mat er best til morgons, men til middag ynsker eg meg sårt baunor og ris med salat. Eg veit inst inne at eg ætler baunor av di eg er avhengug, men jamvel … Kannhenda eg skal utsetja å kaupa ris og baunor, berre utsetja og utsetja, heilt til det gjeng yver? Eg segjer til meg sjølv at ein vegansk diett held lenge for å evla mangfásesvevn, som eg lyt ganga ved er målet mitt. (Økolågisk) råføde er optimal vegandiett, men mykje vanskelegare å halda seg til. Ein lyt eta so jævla mykje!
Nokre råd åt meg?
Forresten, no hev eg nådd seks minutt på solarskoding.
Direktelenkje
desember 26, 2008 kl. 10:26 am
· Arkivert under Rå diett, Svevn ·Tagga mangegongssvevn, rå mat
Eg somna når eg ikkje skulde – sjølvsagt. Mest sannsynlegt fleire gonger på rad.
Eg fekk eit råd frå ein som hev freista det same tri gonger utan hell, og éin gong etter å hava vorte rå. Då var det mykje lettare. Eg tek rådet hans um å verta rå fyrst, og satsar på medvitsdrøyming resten av romjoli.
Litt flaudt, men eg lyt ganga ved at eg ikkje fær til denne sovingi nett no. Men det gjekk so bra heilt til klokka fira i dag …
Direktelenkje
desember 26, 2008 kl. 1:15 am
· Arkivert under Svevn ·Tagga mangegongssvevn
Alt vel … Litt tungt å vakna etter tvo av lurane. Eg skal sova på golvet i nott, so eg vaknar.
Alt hev gjenge som smurd til no, men eg ottast verre tider. Eg kjenner meg tollegt utkvild nett no, men det gjeng nog snøgt yver.
Direktelenkje
desember 25, 2008 kl. 3:27 am
· Arkivert under Svevn ·Tagga dvorak, mangegongssvevn, Svevn
No byrja eg den femte mangegongssvevnen min. Denne gongen er eg fyrebudd: eg kjem ikkje til å somna når eg ikkje skal. Frå og med andre notti er sofa’en bannlyst umråde. Skal eg sitja, er berre golvet lovlegt. Eg tenkjer laga enkel mat som ris på notti, so snart me fær kaupt baunor.
Her er måten eg skal evla dette på:
- Fyrst hev eg vore uppe heile notti heile den siste vìka, so det skal verta lettare gjenom notti.
- I nott skal eg ikkje gjera noko serskild. Fyrste notti er greid.
- Andre notti skal eg ganga ut med det same eg vert trøytt. Når eg er mindre trøytt, skal eg ganga inn att, og standa elder sitja på kne ved datamachini, elder eitkvart. Ettersom eg nyttar Linux no, skal eg nytta denne command’en (teken frå Odin): sleep 3m && vlc “Valhall_Awaits_Me.mp3″. Denne skal eg setja på um att og um att (men kannhenda med ymsande .mp3′ar), slik at eg kvart tridje minutt kann verta vekka av drithøg viking-metal.
- Tridje notti vert lik andre, berre verre. Um inkje anna, lyt eg ganga ei mil til pappa. Der bur mest ingen, so eg kann laga ljod for å halda meg vaken (slå jarnstenger mot fe-ristene osb.). På nettene hev eg tenkt å sova på eit teppe på golvet når eg kjenner naud til dess.
- Fjorde notti vert nog verst. Då kann eg jo fara nedåt bekken og dyppa hovudet i iskaldt vatn um so skal til. Elles kann eg binda fast ein pinne til handi og halda honom yver eit straumgjerde. Søkk armen, vaknar eg.
- Femte notti skal det byrja ganga betre. Eg skal halda fram med tryggleikstiltak; som å hava ein tallerken på golvet, og ei skjeid i handi. Når skjeidi fell, lagar ho mykje bråk.
Det er kva eg hev tenkt. Innspìl, påfunn?
No driv eg sokalla “touch typing” på Dvorak-tastaturet.
Direktelenkje
november 13, 2008 kl. 1:31 am
· Arkivert under Politique, Svevn ·Tagga MDG, Medvitsdrøyming
Sist eg sagde eg skulde freista medvitsdrøyma, fekk eg det ikkje til. Denne gongen hev eg eit godt hugbilæte:
- Røyndomsprøva kvar gong eg vaknar (tvo gonger i døgret)
- Røyndomsprøva kvar gong eg høyrer ordi “Miljøpartiet Dei Grøne”, “Norsk Målungdom”, elder “Ivar Aasen”.
- Freista på WILD kvar nott.
Hugs å melda dykk inn i Miljøpartiet Dei Grøne! Spreid bodskapen!
Direktelenkje
oktober 19, 2008 kl. 4:06 pm
· Arkivert under Solskoding, Svevn, Træning ·Tagga Solskoding, Svevn, Træning
Eg hadde tenkt å byrja træna idag, men eg var for trøytt då eg vakna. Minner meg um at svevn er viktugast, dinæst mat, og so træning. So … sér ut til at eg lyt venda meg til eit svevnmynster … men kva skal eg velja?
- Vanleg “statt-upp-same-tidi-kvar-dag-og-legg-deg-når-du-er-trøytt”-mynster
- Tviphasesvevn
Mangphasesvevn er utelukka fram til jol. Tviphasesvevn gjer at eg kann vera uppe litt lengre, men at eg sjølvsagt lyt sova på dagen. Eg lyt velja snøgt.
Solskodingi gjeng forresten frametter, um enn seint. Det veld skyone som løyner soli for meg. Eg skal sjå i eitt minutt og tjuge sec. næste gong.
Direktelenkje
oktober 9, 2008 kl. 6:46 am
· Arkivert under Svevn ·Tagga Mangfaldsseminaret, Svevn
Eg hev laga det til slik at serskilde songar set seg på til ulike tider, kvart tiande minutt, og kunde difor segja at uhellet var ein halv time langt, um ikkje songen hadde vore på i ein time, då (elder meir :/ Neidå, då hadde téléphonen ringd).
Eg undrar litt på um eg skal halda fram på seminaret elder ikkje … tenkjer halda fram etteråt korsom er; eg hev jo ingen sers krevjande fag å taka umsyn til.
Direktelenkje
oktober 5, 2008 kl. 4:46 pm
· Arkivert under Solskoding, Svevn, Yvernaturlegt ·Tagga Buddha, buddhisme, etique, liv, moral, Solskoding, Svevn
Eg hev funne ut at eg og buddhismen er samde um det meste, og reknar meg no sånn umlag for buddhist, elder i alle høve halv-buddhist. Noko av det eg og Buddha tenkjer likt um er synet på liv, etique, og moral.
Men, no hev eg byrja svevnfreistnaden att. Eg søv dimed tjuge minutt kvar fjorde time, og vonar eg kjem inn i det fyrr Mangfaldsseminaret. Hadde eit uhell på ein time i dag, men eg fann ut at det er ristingi frå téléphonen som vekker meg oftare enn sjølve ringingi, so det gjeld å hava honom på eit hårdt underlag. Det hadde eg ikkje ved middagstider i dag.
Solskodingi gjeng au greidt, men vêret øydelegg for meg. Eg skal sjå i eitt minutt næste gong eg fær høve til det, lengre hev eg ikkje kome. Teite skyer.
Direktelenkje
Eldre innlegg »