Um
Eg heiter Víkþórr. Eg er sers forviten på alt som hev med svevn å gjera, so eg laga denne vloggen som ein logg for svevnfreistnaden min, og ein stad å skriva ting som er greide å vita um svevn og slikt.
Nett no kann eg skildra meg sjølv som ein optimistisk, buddhist, miljøuppteken, fråhalds, tungemålsforviten, grøn, småaktiv NMU-ar, vegetarianar, svevngranskar, ikkje-røykjar, latsabb, raring, og (framfyre alt) nynorsking/målmann/høgnorsking. Er du usamd, må du segja ifrå, so skal me krangla elder einast.
Kva slags ord er “medvitssvevn”?
Det er eit ord samansett av “medvitsdraum” og “svevn”. Og so tyder det jo at ein søv med vit.
6 kommentarar »
RSS-kjelde for komentarar til dette innlegget · TilbakeSporings-URI
Frukt og svevn « Medviten svevn på Medvitssvevn.Wordpress.com sa
[...] Forresten hev eg uppdatert “Um“-sida. [...]
Odin / Vemont sa
Haha! Kjempebra.
Lyt kannhenda standa noko um nynorsk? Veldig bra, eg treng noko slikt sjølv. Tek jo ikkje lang tid å skriva, men eg fær meg aldri til det.
Mads sa
Oi, ein sosialist og høgnorsking. Herleg! Eg pleiar å lese Målmannen, men det er jo rimeleg slitsamt for ein venstreradikalar som meg.
medvitssvevn sa
No hev eg uppdatert sida, for fyrste gong på mange månader. :S
Eg er nog diverre ikkje socialist lengre, men grøn. Men politiskt syn hev vel lite å segja for kva som er slitsamt å lesa?
Mads sa
Alt det framandfiendtlege vrøvlet dei lirar av seg er slitsamt, ja. Ikkje på grunn av språket, men fordi det dei skriv er så på trynet.
Det er forresten absolutt inga motsetning mellom å vera grøn og sosialist, då…
medvitssvevn sa
Ingen stor skilnad, kannhenda, men eg tykkjer det er greidt å skilja, ettersom socialistar gjerne sluttar upp um SV og Raudt, medan me grøne (sjølvsagt) held oss til MDG. I Noreg, då. Eg veit ikkje korleîs det er i andre land.