Den nye sida mi er uppe, fyrebìls berre skikkelegt på engelskt.
Eg kjem ikkje til å nytta denne bloggen so mykje meir, um noko i det heile.
Den nye sida mi er uppe, fyrebìls berre skikkelegt på engelskt.
Eg kjem ikkje til å nytta denne bloggen so mykje meir, um noko i det heile.
… er vvb.no no uppteke, so du lyt velja eit anna.
Odin hev gjeve meg rom på tenaren sin, og eg reknar med å vera budd um 1-3 dagar. Tusund takk, Odin!
Eg tenkte lenge på kva mål eg skulde nytta, ettersom eg er so glad i norskt, endå fåe andre likar norsken min, men eg lova Nicholas Powiull å skriva um svevnfreistnaden min på engelskt, so då vert nog heile sida på engelskt, elder mun verta både måli.
Kall meg ein krakk, Pavlina-hermar, elder kva du vil, men eg hev tenkt å freista tena pengar på sida, slik at det dekkjer driftkostnadene. Det beste hadde jo vore å kunna lìva av blogging, som sume andre gjer, men fyrst og fremst er driftkostnadene målet.
Ynsk meg lukka til.
Elder kannhenda helder «fyrste utfordringaråret», ettersom eg hev tenkt å halda fram. (Kannhenda eg skal gjera ei «trettiårsprøva» på dette? XD)
Eg byrja dette året ved å vera rå i tretti dagar, og hev tri dagar att. No tenkjer eg halda fram med det kvar månad – altso utfordringane. Kvar nye månad skal eg byrja på ei ny prøva. Det er bra um eg byrjar fyrste dagen, men det gjer inkje um eg byrjar seinare.
I dag byrja(r) eg hugleidsloutfordringi (hugleidsla = ‘meditation’) mi! Kvar dag skal eg hugleida tvo gonger, i minst fem minutt kvar gong. Dette er avdi det er betre å gjera det ofte og lite enn mykje på ein gong (som med so mykje anna), og det krev mindre viljastyrke å halda på i fem minutt enn tjuge. Målet er jo å verta betre, so det vert gildt å hugleida lenge.
Eg og Eiríkr hev tenkt å laga ein umsetjar frå engelsk til høgnorsk og (god) nynorsk – me lyt laga honom hin vegen au, sjølvsagt. Målet er å laga ei slags blanding millom tritrans.net og nynorskordboki på nett. Etter kvart mun me leggja til tyskt, spanskt, franskt, og fleire mål, um me idest. Me ynskjer au å laga eit brukende som kann lastast ned. Det skal vera ein ordumsetjar, so han kann nyttast ved skulaprøvor.
No hev eg nådd seks og eit halvt stundarbrot (minutt) i solarskoding!