Mangegongssvevn vert sumtid kalla «Da Vinci»-svevn av di sume meiner Leonardo da Vinci sov på ei liknande vis. Han som kartlegg «Powiull»-svevnen heiter Nicholas Powiull.
Tingen er at ein «søv» (det er ikkje heilt svevn, men ein gjeng gjenom same greida) ein halv til ein time kvar dag. Det er viktugt å hugsa på at det hev lite å segja kor mykje svevn ein fær til dagen, for livet er tekniskt sét ikkje delt inn i dagar. Fyrst vender ein seg til å nå REM so snøgt som råd, altso gjenom «vanleg» mangegongssvevn, men gjer seg ikkje avhengig av tidi ein søv på. Det kann vera greidt å hava «svevnen» på faste tider, men då berre umlag kvar tolvte time.
Det er visst lurt å sova i ein stol, for um ein legg seg ned, søv ein lengre. Eg skal freista dette i vetterferien. (Bomba. :p)
Odin Hørthe Omdal sa
Slik eg forstår so må du fyrst klara Überman for å kunne klara Powiull.
medvitssvevn sa
Både ja og nei, ikkje heilt. Det viktuge er at ein når REM når ein somnar, som jo er vitsen med mangegongssvevn. Det er difor ein byrjar på det, og gjeng yver til Powiull fyrr ein vert avhengug av blundane.
Ein skal halda seg vaken i minst 66 timar etter den fyrste «vellukka» blunden, altso at ein vaknar av seg sjølv, elder hugsar ein draum (elder båe). Frisk og rask skal ein au vera.