Til no hev eg nytta victor.vikingr(hjå)gmail.com, men det verkar litt teit no når eg hev bytt namn. Eg kann ikkje hava þ og ð i tilskrifter, men eg tok noko namneneutralt: medviten(hjå)gmail.com. Eg kjem til å ganga yver til den nye litt etter litt.
Eg skynar det slik at eg kann framsenda netpost frå den gamle til den nye, hev stilt inn noko i Gmail, men hev ikkje sét um det verkar skikkelegt enno. Men um det gjeng, då er det jo berre lekkert.
Odin Omdal Hørthe sa
Det gjeng. Du kann framsenda allslags epost og bruka han til utsending òg.
T.d. kann du få víkþór@nynorsk.no og so båe senda og motta med den i gmail.
medvitssvevn sa
Gjeng vel ikkje med þ og ð (elder í/ó osb.) der helder? :p Eg kunde jo fenge veggiss(hjå)nynorsk.no, men eg tarv jo berre gmail.
Odin Omdal Hørthe sa
Du kann fint bruka þ og ð i epost…….. neeeeeeeei. Du kann berre bruka det i domenenamn.
t.d. víkþór.no elder noko.
Men lurt å hava utan spesigreidone òg, sidan det er berre eg og du som enkelt kann skriva þ, ð osb…
medvitssvevn sa
Haha, men når alle byrjar nytta Linux, er det ingi sak. Men um eg skulde havt t.d. víkþórr.no kunde eg jo havt t.d. viktor.no som leidde til den rette sida. Hehe, kva med šǫðþŏā.no? XD
Forresten, er det råd å laga ei netpostordning som kann nytta slike teikn?