Heilt frå eg høyrde um Linux fyrste gong, hev eg ynskt å freista det. Eg gjorde franskleksone åt ein i klassen mot at han brann tvo plator åt meg: Ubuntu (Gutsy Gibbon på den tidi) og PCLinuxOS 2007. Då me sette i Ubuntu-plata, tok det ikkje lang tid fyrr eitkvart klikka (men det verka då eg freista seinare), so fyrste Linux’en eg freista skikkeleg, var PCLinuxOS 2007, og det er eg glad for; der var ein sers god rettleidar som fylgde med, og som eg lærte mykje av. Etter at eg hadde leika med PCLOS ei stund, installerte eg Ubuntu, som då var lettare, ettersom eg hadde lært litt um partitionar frå rettleidaren i PCLOS. Eg lika utsjånaden i Ubuntu betre, men avdi eg på den tidi ikkje hadde trådlaust netverkskort i det heile, og dimed laut finna meg i å nytta eit USB-kort i staden. PCLOS tok det utan vande, men det gjorde ikkje Ubuntu. So då enda eg upp med å køyra PCLOS og Windows heilt til eg fekk ei ny machine.
På den nye machini mi (som eg kalla “Kamma” då Ubuntu spurde meg um namn) freista eg få netverkskortet (eg lærte av Odin at Broadcom-kortet mitt er noko skit) til å verka, men fekk det ikkje til. I går installerte eg Ubuntu Intrepid Ibex, som Odin sagde munde hava betre studnad. Det hadde det. No hev eg trådlaust net i Ubuntu, og dimed kann eg nytta machini mi nett som fyrr, jamvel i Ubuntu.
Då byrjar eg ein månad der eg berre skal køyra frelse brukende, og ikkje starta Windows i det heile. Den einaste skilnaden eg kjem på no, er at eg lyt spela andre spel i Ubuntu. Elles kann eg nytta netet, skrivebrukende, og alt slikt nett som fyrr. Dette skal nog verta lettaste 30-dagarsprøva evah, lzzm.
Eg er på fira minutt på solskodingi, men grunna vêret, veit eg ikkje kva tid eg fær heldt fram.