Arkiv for juli, 2008
juli 31, 2008 kl. 7:22 pm
· Arkivert under Medvitsdrøyming, Politique, Svevn, Tungemål ·Tagga Ivar Aasen, mangfasesvevn, Medvitsdrøyming, nynorsk, Politique
Eg hev tenkt å nytta det vesle som er att av ferien til å træna upp drøymeminnet mitt, og jamvel verta ein betre medvitsdrøymar. For å gjera det, skal eg skriva ned draumane mine, både gamle og nye, for å utfordra hjernen til å hugsa so mange som råd (eg las um ei som hugsa kring ni draumar kvar nott!). Vert eg flink, mun det vera nyttugt næste gong eg freistar mangfasesvevn. I røyndi var nett medvitsdrøyming litt av grunden til at eg byrja med mangfasesvevn, for å hava fleire høve til å drøyma.
Når me er inne på det, las eg um ein svensk student som nytta Übermann-planen, og han hadde ei enkel ordning i tilmåtingsfasen; han lente seg mot veggen den verste perioden. Enkelt og greidt. Kvi tenkte ikkje eg på dét?
Og når me talar um draumar, eg drøymde at eg tala med Ivar Aasen her um dagen.
Han var koseleg, men eg lurte litt på um ikkje han var daud, i draumen altso. Han skreiv forresten læreboktilnæra nynorsk … Snålt.
Eg hev sett meg fyre å verta verande i SU, i alle høve til eg finn noko betre.
Korsom er, eg rår alle til å freista medvitsdrøyming. Det er det beste eg veit um i verdi.
Direktelenkje
juli 30, 2008 kl. 2:19 am
· Arkivert under Tungemål ·Tagga namn, namnebrigde
Um eg er yver attan år, gjeng det ti år fyrr eg kann brigda det att, so for å vera trygg, lyt eg gjera det snøgt! Eg kann ganga attende til det gamle namnet kva tid som helst, då, og endra stavemåten
.
Eg hev vald å heita Víkþórr Veggiss Berurjóðr – vonar berre det vert godteke! Ynsk meg lukka til!
Direktelenkje
juli 26, 2008 kl. 2:21 pm
· Arkivert under Tungemål ·Tagga namn, namnebrigde, nemnefall, sidefall
Eg skal brigda namnet mitt til – haldt på hatten – Victor Veggis Berurjóðr/Berurjóðri. Eg veit berre ikkje heilt um eg skal nytta nemnefall elder underfall … Eg tenkjer at um eg nyttar nemnefall, vert det rett på ein måte; altso at ein kann bøygja namnet mitt; og det er jo kult. På hi sida vert det rett med sidefall au på ein måte, etter di ein ofte utelét styreord i poetisk form, og berre skreiv sidefallet. Døme: Victor Veggis (frå) Berurjóðri. Eg trur eg vel nemnefallet, men er ikkje viss. På Island trur eg sume hev det slikt, i tillegg til “-son”.
Eg trur forresten vvb.com er leidugt. :p
Uppdatering: Det verkar som namnebrigde berre kann gjerast kvart tiande år … Og Joar vil at eg skal heita Berrjod i staden. Eg trur kannhenda eg skal venta til eg vert attan um ein månad.
Direktelenkje
juli 24, 2008 kl. 9:12 pm
· Arkivert under Politique ·Tagga Politique
Kann einkvan gjeva meg nokre gode argument for og mot Miljøpartiet Dei Grøne og SV? Eg trur eg byrjar helda mot MDG, men, ja?
Direktelenkje
juli 24, 2008 kl. 12:10 pm
· Arkivert under Rå diett, Svevn ·Tagga freistnad, rå, Svevn
Eg lìver framleîs, men her hjå pappa er der lite grønsaker, so det vert frukt døgret rundt. No hev eg snart vore rå veganar i tvo vìkor, so eg vert nog sjuk snart.
Det gjeng endå verre med svevnfreistnaden. Pappa vekker meg kvar dag når han tykkjer eg hev sove nog.
Eg sov åtta timar i dag, frå fira til tolv.
No skal me med mamma til Søgne, so eg vonar eg fær sove ut der.
Forresten hev eg uppdatert “Um“-sida.
Direktelenkje
juli 20, 2008 kl. 9:17 am
· Arkivert under Rå diett, Svevn ·Tagga freistnad, mangfase, mangfasesvevn, polyphasic, rå, Svevn
Duppa av i kring ei halvtime i nott, drøymde at eg sagde eitkvart løygje, men hugsar ikkje kva … :/ Eg hev misst kveiken til mangfasesvevn no; eg skal taka det upp att når eg hev “andre høve” som gjer det lettare, elder nokon med meg som ikkje gjev upp so lett. Men i og med at eg hev sete meg fast i umstillingsfasen, skal eg testa ei anna form for svevn; fri svevn. Sova når eg er trøytt. Det er ein sers lite effektiv måte å sova på, men eg er forviten på når eg kjem til å verta trøytt. Skulde eg satsa pengar på noko, trur eg eg gjeng med circaderytmen. Men eg veit eg kjem snøgt inn i REM-fasen, og vonar det varer. Det er leidt for meg å gjeva det upp, men fruktfreistnaden vert nog lettast åleine. Korsom er, no vert mamma glad.
Eg postar utfalli her.
Direktelenkje
juli 19, 2008 kl. 8:51 am
· Arkivert under Rå diett, Svevn ·Tagga freistnad, mangfase, mangfasesvevn, polyphasic, rå, Svevn
Femte døgret: inkje nytt.
I nott, derimot, duppa eg av dritmykje millom fira og åttta – anten det, eldes vakna eg ikkje i det heile. Ljoden var skrudd av, for at alarmen ikkje skulde ganga av medan eg ikkje sat med maskini. :’(
Direktelenkje
juli 17, 2008 kl. 4:10 pm
· Arkivert under Rå diett, Svevn ·Tagga freistnad, mangfase, mangfasesvevn, polyphasic, rå, Svevn
Ja, eg heldt på å gløyma uppdateringi.
Sovingi gjeng greidt, trur eg … alarmen gjeng av når han skal, og eg evlar hava på ljoden. Jamvel tek det ei stund frå eg vaknar til eg hugsar noko som helst. Eg vaknar sopass at eg fær høgreklikka på alarmikonet og trykka på “Silence”, men etteråt veit eg ikkje – kannhenda søv eg gjenom alarmen, men eg veit ikkje heilt … Eg skal setja på ulike alarmar for kvart gong. Mamma er sur på freistnaden, yvertydd um at eg kjem til å verta sjuk i hovudet. Segjer ho slike ting éin gong til, lyt eg stikka til pappa, tenkjer eg.
Etingi gjeng au … men i går kveld laga eg noko med ein so vond ettersmak at eg heldt på å spy. I dag laga eg den vanlege, men med ein banan meir enn vanlegt; det likna på mjølk/fløyte. Nytta det som dypp for gulrøter, og som drykk. Eg er småsvolten heile tidi no, og det er keisamt å laga mat, men det er betre enn um eg skulde eta kokt elder steikt. Eg skal finna nokre lette, gode uppskrifter på Netet.
Direktelenkje
juli 16, 2008 kl. 8:21 am
· Arkivert under Rå diett, Svevn ·Tagga freistnad, mangfase, mangfasesvevn, polyphasic, rå, Svevn
Eg hadde nett ein draum um NMU og Zelda. Ein røynleg draum!
Eldes gjeng alt som fyrr, eg blanda inn avocado og lime i grapset mitt. Gjekk på eit vis.
Direktelenkje
juli 15, 2008 kl. 10:31 pm
· Arkivert under Rå diett, Svevn ·Tagga dvorak, freistnad, mangfase, mangfasesvevn, polyphasic, rå, Svevn
No hev eg lìvd éin dag på rått grøntfôr, og alt er vel. Eg gløymde å stelda klokka, so eg missa ein lur klokka tolv. Menmen, eg trur det er betre å sova for lite enn for mykje.
Eg freista laga graps or grøntfôret ved å nytta ei kuttemaskin. Flotte greidor – eg tarv ikkje smaka brokkolien no.
Grapset eg lagar er grønt, og er laga or:
- brokkoli
- kiwi
- banan
- appelsin
Det smakar godt!
Og det er lett å laga til. Seinare skal eg freista med lime-frukt i (eg putta ein heil slik i kjeften i går – og angra!). Svevnen gjeng greidt, eg fær stødt somna, men er frukt og kveik nog til å halda meg vaken i lengdi? Eg fær sjå.
No skriv eg stendugt snøggare på Dvorak-tastaturet, forresten.
Direktelenkje
Eldre innlegg »