Mangfasefreistnad: kva tenkjer eg på (med)?

Jau, eg hev sagt at eg skulde gjera det i sumarferien, og det skal eg. No er det mangfasetid! :D Denne gongen, som sist, er planen å sova (umlag):

07:30-08:00

11:30-12:00

15:30-16:00

19:30-20:00

23:30-00:00

03:30-04:00

Eg kjem tollegt visst til å brigda leggjetidene underveges, avdi målet er tjuge (20) minutt. Kor lang tid det tek å somna, skil vel på kor trøytt eg er, og um eg evlar venda meg til det, somner eg snøggare, er von. Det er greidt um dei som les bloggen min kjem med innspel; positivt elder negativt speler ingi rolla – båe er jamvel med på å kveika meg. :P

2 kommentarar »

  1. Eg trur ikkje du lyt sova 0300-0400. Det øydelegg ting. Eg kjenner du helder lyt putta inn ein ekstra soveperiode. Altso 0330-0400, og so 0530-0600, og 0730-0800.

    REM er ikkje meir enn 20 min lell liksom. Og for meg var 0400-sovingi verst. Den og 0800 er farlege tider.

  2. medvitssvevn sa

    Ops! Du hev sjølvsagt rett, men det var berre eit skrivemistak. ;) Eg trur ikkje eg tarv ein ekstra lur (enno, i alle høve). Ordna det no.

RSS-kjelde for komentarar til dette innlegget · TilbakeSporings-URI

Kommenter innlegget